Viktig med realitetar om pelsdyrhald

Ståle Sørensen er MDG sin Stortingskandidat i Buskerud, og i Hallingdølen på torsdag så beskriv han partiet sitt syn på pelsdyrnæringa, som er velkjent frå tidlegare.

«Unødvendig med faglig råd om pelsdyr»!, var meldinga frå partileiar Rasmus Hansson dagen før NOU 2014: 15 Norsk Pelsdyrhold, vart lagt fram av regjeringa for to år sidan. Det seier alt om seriøsiteten til partiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sørensen bekreftar godt at han har lite kjennskap til realitetane, når han samanliknar pelsdyr i gardar med sine ville artsfrendar i naturen. Gardsdyra våre er oppavla og domestiserte gjennom over 100 år i oppdrett, og høg fokus på avl på tillitsfulle dyr med godt lynne, har ført fram til slike veltilpassa husdyr dei framstår som i dag.

Landbruksfiendtlege MDG

Stortingsmeldinga om framtida for pelsdyrnæringa vart nyleg lagt fram, og den er tydeleg på at Norsk pelsdyrhald bør ha ei berekraftig utvikling, med enda strengare krav til dyrevelferd, som gjer til at næringa frontar dyras tilhøve også globalt. Det faglege som ligg til grunn for den klare konklusjonen, er fyrst og fremst Vitskapskomiteen sin rapport om pelsdyrhald frå 2008, og høyringsinnspel frå 76 veterinærar som har erfaring og kunnskap frå tilsyn med pelsdyrgardar.

MDG og Sørensen vil at rovdyra skal styre naturen og utmarka, resultatet av det blir lite husdyrhald ute på bygdene, og attgroing av kulturlandskapet. Både pelsdyr- og rovdyrpolitikken til MDG er landbruksfientleg. Pelsdyr har alltid vore ein viktig del av norsk landbruk, og mange gardsbruk vart på 1930-talet redda av sølvrevavlen. I dag er næringa ein viktig del av næringskjeda i landbruket, eksempelvis som renovatør av biprodukt frå slakteindustrien, og som ei viktig distriktsnæring og attåtnæring for gardsbruk. Pels er også eit godt naturprodukt, i motsetning til etterlikningar, der ofte olje er råvara.

Velkomen på besøk

Sørensen nemner på nokre få land som har innskrenkingar med pelsdyroppdrett. Danmark er verdas største når det gjeld minkproduksjon. Fyrst på 2000-talet var det svært få igjen der som dreiv med rev, det førte til at dei vart ofra, pga. av slett politisk behandling, og press frå «dyrevernarar». Her frå den politiske behandlinga:

«I sine høyringssvar til forslaget om å forby revehold, bemerket både Københavns Universitet og Det Jorbruksvitenskabelige Fakultet, at forbudet ikke kunne fagligt begrunnes, fordi begge institusjoner mente det ville være mulig å fastsette regler for hold, som sikret reven velferd på linje med andre produksjonsdyr.»

Også her i landet så er dei fanatiske «dyrevern»-organisasjonane, veldig ivrige på å få inn kjensler i debatten, og særleg dei urbane media er veldig flinke til å la seg rive med, gjennom ubalanserte oppslag. Sjølv om det også er politikarar og politiske parti som følgjer denne populistiske linja, så er det godt å registrere at eit fleirtal av dei folkevalde let omsynet til det faglege, og realitetar for gardsdyra vera avgjerande.

Sørensen er sjølvsagt velkomen til eit besøk i pelsdyrgard for å få fyrstehandskunnskap, innsyn i verkelegheita for gardsdyra, og sjå at dyrevelferda er godt vareteke. Om han er open for å ta innover seg realitetar, vil han då få gode argumenter til å påverke sitt parti til meir kunnskapsbaserte standpunkt om pelsdyrhald.