Herman Kvelprud syng og spelar gitar for «kulturhallingdal» som vil lokke fleire til å søkje jobb i Hallingdal. (Skjermdump frå videoen)
Herman Kvelprud syng og spelar gitar for «kulturhallingdal» som vil lokke fleire til å søkje jobb i Hallingdal. (Skjermdump frå videoen)

Video skal lokke fleire til Hallingdal

Kulturskulane håpar låten «Hit, men ikkje lenger» skal bli ein hit.

Videoen vart lansert 3. februar, og har i skrivande stund 123 visingar.

Det blir først god butikk dersom det bidreg til at fleire tek seg jobb i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er i alle fall målet, seier Gunhild Gåsvik, avdelingsleiar for kultur i Gol kommune og leiar for kulturskulen.

Det er «kulturhallingdal», det vil seie kulturavdelingane og kulturskulane, i dei fem øvste kommunane i dalen som står bak prosjektet.

Det er mange år sidan Gåsvik først hadde ideen. Han var innom kulturkoordinatorens bord, før Gåsvik fekk prosjektet tilbake. Etter tre års arbeid er filmen klar.

Treng fagfolk

På filmen er det Herman Kvelprud som framfører songen «Hit, men ikkje lenger» med Arild Jensen, Espen Bergo, Audun Haugeplass og Kjell Audun Holestøl i bandet. Jensen har i utgangspunktet skrive både tekst og melodi, berre justert mindre av Kvelprud undervegs. Det er Kreator som har gjort filmarbeidet.

– Det høyrest ut som ei slags friarlåt. Ein må gjerne reise hit til Hallingdal, men ikkje lenger?

– Me treng fleire fagfolk. Mange blir igjen i Oslo. Me håpar videoen kan bli lenka til når folk lyser ut etter folk, særleg innan kulturfeltet, men også andre.

Håpar video gjer susen

– De håpar på viral suksess?

– Ja, det er berre å dele, ofte og kor som helst. Folk må gjerne reise hit, men også bli, seier Gåsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mykje har det kosta?

– Det er eit spleiselag over fleire år og med mykje eigeninnsats, seier initiativtakaren som ikkje har noko tal å vise til på ståande fot.

Ho vel å håpe at regionen kan innkassere når tilflyttinga skyt fart.

– Video er i alle fall eit medium som kan opne auga for folk, men ein må bruke han flittig.

Du kan sjå videoen her.