Vetle Sjåstad Christiansen.
Vetle Sjåstad Christiansen.

Vetle kjempa om medalje!

Etter fire skytingar såg det lyst ut for Vetle Sjåstad Christiansen på 20 kilometeren i Östersund.

Men det vart for tøft  mot slutten. Vetle tapte verdifulle sekund i sluttminutta. Etter tre skytingar kjempar både Tarjei Bø og Sjåstad Christiansenom medalje. Saman med Bøe hadde Vetle eit svært seint startnummer. Skulle han ha håp om medalje, nytta det ikkje å bomme.Inn til første ligg kom han 32,9 seskundar bak teten. Han prikka inn fem raske blinkar, og fekk skryt frå NRK-kommentatorane Andreas Stabrun Smith, Torgeir Bjørn og Ola Lunde.  

Tyske Arnd Peiffer la tidleg  press på konkurrentane med 20 treff. Men langrennstida hans var  ikkje heilt hundre prosent. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Vetle kom inn til andre skyting med litt svak langrennstid, men på ny imponerte han på standplass, og gjekk ut som andremann og beste norske så langt. Dei  andre norske deltakarane sleit med skytinga. Og spenninga steig då Christiansen gjekk ut frå tredje skyting med medalje i sikte. Fullt hus nok ein gong!