Usemje om pengar i LT-Folgefonna

Usemja i Landbrukstenester Folgefonna held fram. No gjeld det delinga av fellesøkonomien.

LTFolgefonna har gjennom eit tiår vore vikarbyrå for bønder i Hallingdal, Nore og Uvdal og Hardanger. No går det mot slutten. 22. november er det kalla inn til ekstraordinært årsmøte, med sikte på å dele laget.

Men då styret i dei to krinsane (Hallingdal/Nore og Uvdal og Hardanger) møttest i Eidfjord 11. oktober vart dei ikkje samde om korleis delinga skulle skje reint økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skil mellom 300.000- og 400.000 kroner i totalsum mellom Hardanger sitt forslag og Hallingdal og Nore og Uvdal. Av kring 700 medlem er i underkant av 300 austlendingar. Også styresamansetjinga har tyngdepunktet i vest, og dermed var det vestlendingane sitt forslag som vart ståande, med fire mot tre røyster.

Det betyr 3650 kroner til utbetaling per medlem og ein samla sum på kring 1 million. Hadde mindretalet fått viljen sin, ville kvar bonde fått 4750 kroner, noko som ville blitt nær 1,4 millionar i utbetaling frå LTFolgefonna.

Det er lagt opp til lokale medlemsmøte på Torpomoen 2. november og på Rødberg dagen etter. I Hordaland held dei møtet sitt 7. november før partane møtest til ein avsluttande runde på Voss mot slutten av månaden.