Treng fleire hender

Fram mot 2040 vil det vera behov for 300 fleire tilsette innan pleie- og omsorgssektoren i Hallingdal og Nore og Uvdal. Ifylgje Statistisk sentralbyrå vil me vera 5800 eldre mot 3600 i dag. Folketalet er rekna å auke med 8,7 prosent til 22.350, medan talet på innbyggarar over 67 år er venta å auke med nesten 60 prosent.

Kommunar over heile landet vil få store utfordringar med denne utviklinga. Ikkje minst kommunar med folketalsnedgang og forgubbing. Desse vil mangle omsorgshender. Men også i vår region kor det er venta folketalsvekst, vil eldrebølga merkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsedirektoratet peikar på ny teknologi som ei av løysingane. Den kan hjelpe til med å halde oversikt over ein stor og innfløkt sektor. Den kan auke tryggleiken for den einskilde pasient og brukar. Og den kan betre effektiviteten.

Sjølvsagt kan ny teknologi vere til hjelp, men det er ikkje her ein finn inn den største gevinsten. Den finn me i utforminga av bumiljøa. Bustader der eldre i størst mogleg grad kan klare seg sjølve er nøkkelen.

Då er også plasseringa av slike bustader viktig. I grisgrendte kommunar har ein ikkje våga å snakke høgt om at det ikkje er berekraftig å fylgje opp eldre i alle grender. Utviklinga dei siste tiåra har synt at dei eldre i større og større grad flytter inn mot kommunesentera.

Mykje tyder på at denne utviklinga vil og må halde fram. Å plassere bustader tilpassa eldre innanfor eit avgrensa område, vil lette arbeidet med å fylgje opp behova til den einskilde. Mindre tid til transport av varer og personell gir meir tid til omsorg.

Frå tid til annan blir det snakka nedsettande om eldreghettoar. Det er i beste fall ei avsporing. Sentrumsnære bumiljø der mange eldre er samla, fører til auka tryggleik og meir aktivitet. Dessutan – eldre er flinke til å ta vare på kvarandre. Dersom bumiljøa legg til rette for dette, vil eldre kunne vere ein ressurs for kvarandre og dermed avlaste det offentlege hjelpeapparatet.

Likevel endar me opp med ordet hender. Det må til fleire. Omsorgssektoren kjem alltid til å vere ein sektor som mest av alt krev arbeidskraft. Alle som vil delta i styringa både lokalt og nasjonalt, kan fyrst som sist innsjå dette. Då er det berre ein utveg – meir pengar. Dette kan skje på to måtar. Ved å ta frå andre offentlege sektorar, eller ved å auke inntektene gjennom skattar, avgifter og brukarbetaling.

I ei kravstor befolkning er alt dette upopulært. Men etter kvart som fleire ser behova, vil fleire også innsjå svaret. For svaret vil måtta bli omfordeling innan offentleg sektor, auka skattar, auka avgifter og auka brukarbetaling.