Mange har kåra Tove Bøygards eitt år gamle plate ei av dei aller beste  i 2017. Men nokon spellemannpris blir det ikkje.
Mange har kåra Tove Bøygards eitt år gamle plate ei av dei aller beste i 2017. Men nokon spellemannpris blir det ikkje.

Tove Bøygard tilbake i studio

Det vart ingen Spellemann-nominasjonar på Tove Bøygard i år. Til hausten går ho i studio, med nye plateambisjonar.

Tove Bøygard gav ut «Blåe drag» i januar 2017, eit album som har hamna på eit titals «årets beste album»-lister.

Nominasjon til Spellemannspris vart det likevel ikkje, men artisten frå Ål føler seg ikkje spesielt forbigått.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest nominasjonane i country-klassen er fine. Det kom mange sterke plater og konkurransen var beinhard, seier Bøygard.

– Vanskeleg med «sjanger»

Dei nominerte i country-kategorien 2017 er Bendik Brænne, Bill Booth, Paal Flaata og Bird’s ghost. Tove Bøygard har tidlegare vore nominert i country-kategorien for plata «Blågras på Skrindo» (2013) som ho gjorde som del av duoen Bøygard, med syster Anita Bøygard.

Bøygard «er» sitt eige plateselskap og kan difor ikkje skulde andre for å ha meld på i feil kategori, men ho vedgår det var vanskeleg å finne rett sjanger.

– Eg hadde ein runde med meg sjølv. Det er lett å vere etterpåklok, seier ho. Men vise-kategorien er også sterk, med Frida Ånnevik, Kari Bremnes, Marthe Wang og Trygve Skaug, som nominerte.

Planar om ny plate

Tove Bøygard har sjølv hatt plass i juryen, blant anna for «årets tekstforfattar» i 2012. Den gongen vart forbigåinga av Stein Torleif Bjella som årets tekstforfattar av enkelte omtala som ein skandale, inkludert kategori-vinnaren Lars Vaular.

Bøygard er i dag mest glad for mottakinga «Blåe drag» har fått.

– Eg er så fornøgd over alle fine omtaler og at ho er kome med på fleire lister over årets beste plater.

Bøygard går i studio igjen til hausten med planar om å kome ut med nytt album i 2019. Før den tid blir ho å sjå og høyre på Sundreball på Ål 25. januar.