Tiril Sjåstad Christiansen kom til finalen i sin første verdscup-konkurranse etter skadeavbrekk.
Tiril Sjåstad Christiansen kom til finalen i sin første verdscup-konkurranse etter skadeavbrekk.

Tiril til finalen i sitt comeback

Tiril Sjåstad Christiansen tok den åttande og siste finaleplassen, mens fjorårets doble X-gamesvinnar Øystein Bråten blir publikum under verdscupopninga.

Etter eit skadeavbrekk var Tiril Sjåstad Christiansen (Geilo IL) tilbake i sin første konkurranse laurdag. Freeskilandslaget hadde hatt to vekers trening i Cordrone på New Zealand før verdscupopninga. Geilo-jenta kvalifiserte seg til finaleplass med knappast mogeleg margin då ho tok den åttande og siste finaleplassen.

Det gjekk ikkje like bra for sist vinters doble X-gamesvinnar Øystein Bråten (Torpo IL). Han kom på 26. plass, mens det berre var 16 finaleplassar. Dermed blir han publikum når dei fem norske, som gjekk vidare, køyrer finale i slopestyle natt til sundag, norsk tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

På herresida gjekk Felix Usterud, Birk Ruud og Ferdinand Dahl vidare. Tiril Sjåstad Christiansen og Johanne Killi køyrer på damesida.