Sigve.
Sigve.

Thon-vinden

Det bles alltid i Flø! Seier kollega Arne O.

– Du bør ha lang undebrok dersom du skal til Flø. Der er det kald vind. Seier han.

Han veit det, for han har vore opp og ned til Flå i ein mannsalder og vel så det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flagga ved kjøpesenteret blafrar friskt i den milde vinterdagen.

– Det er Thon-vinden, seier eg.

Me står ute og hutrar og ventar på Norges heldigaste ordførar.

Der kjem han vaggande. Helsar til høgre og venstre. Det er ikkje ein han ikkje kjenner.

Rett innanfor døra sit gjengen av gamle ørner. Dei held oppsyn med alle som går ut og inn av kjøpesenteret, og veit alt som skjer i bygda. I tillegg har dei svaret på alle lokale og globale problem.

Det er stas å vere fløvering no. Bygda har heva brystkassa og pustar ut og inn med kraftige andedrag. Slik har det ikkje alltid vore.

Eg hugsar godt den tida Flå var ein stad du køyrde fort gjennom. Vel, var du svolten eller tyrst, kunne du stoppe på Tavernaen eller Vik. Det er for meg eit under at det var plass til begge. Det viser vel berre at kaffityrsten er eit urgammalt og primært behov. Men dei er borte no.

«Det skjer ingenting i Flø. Der bur det berre gamle ungkarar», var omkvedet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidene har endra seg.

No skjer det store ting. Bygda har fått ein rik onkel. Ikkje ein onkel Skrue. Men ein skikkeleg Amerika-onkel som auser ut sine milde gåver over ei bygd som veit å ta imot.

Bjørnepark. Veksthus. Hotell. Kjøpesenter. Idrettshall. You name it. Flå has got it!

Den rike onkelen har investert hundrevis av millionar i bygda. Han er ein glup forretningsmann. Men kva han tener på dette, er det ingen som forstår.

Kanskje er det så enkelt at sjølv Olav Thon må ha ein hobby? Som heiter Flå?

Eg hugsar me spurde ein kjend fløvering, Ola A., om det er sant at fløveringane ber for Thon om kvelden.

Slik svara han:

– Eg kan berre svara for meg sjølv, og eg er ikkje nokon spesielt religiøs person. Men eg ber kveldsbøn kvar kveld. Og då tek eg alltid med Olav Thon!

Artikkelen held fram under annonsen.

Men den kalde trekken har Olav Thon ikkje fått gjort noko med. Enno …

SIGVE