Dei to sterkaste utgåvene av Model S med bakhjulsdrift forsvinn og blir erstatta av den nye Model S med firehjulsdrift.
Dei to sterkaste utgåvene av Model S med bakhjulsdrift forsvinn og blir erstatta av den nye Model S med firehjulsdrift.

Tesla ryddar i rekkene

I eit forsøk på å rydde i rekkene forsvinn no Tesla Model S P85 og P85+ Performance frå menyen over tilgjengelege modellar frå elbilprodusenten.

Samtidig droppar Tesla Model S 60D, ifølgje Green Car Reports. Dermed står Tesla igjen med fire modellar; 60 og 85 kWh med bakhjulsdrift og 85D og P85D med firehjulsdrift. Den sterkaste utgåva av Model S får totalt nesten 700 hestekrefter og akselererer frå 0 til 100 kilometer i timen på 3,2 sekund.