Takk for meg!

Leiarartikkelen er ingen arena for personlege kjensler og tankar. Denne gongen gjer eg eit unntak. For dette er min siste leiar som ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Etter 18 år er det slutt. Frå årsskiftet overtek Embrik Luksengard redaktørstolen.

Idretten har eit uttrykk som heiter «å hoppe etter Wirkola». Slik kjendest det då eg overtok redaktørpennen etter eldstebror Sigbjørn Tormodsgard 1. januar 1999. Eg overtok etter ein redaktør som hadde sete i redaktørstolen i godt 22 år. Som hadde lyfta Hallingdølen frå eit bygdeblad på 4 sider tre gonger i veka, til ei moderne tabloidavis med eit gjennomsnittleg sidetal på 32 sider per utgåve. Som hadde sett dagsorden og prega samfunnsdebatten i Hallingdal i meir enn ein mannsalder. Som styrte ei avis andre i norsk presse såg opp til, men som på grunn av skrantande helse måtte gje seg som redaktør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik sett kom eg til dekt bord. Eg kunne bygge vidare på det som var gjort. Likevel – 18 år er lenge i denne bransjen. Mykje har skjedd desse åra. Ikkje minst på den teknologiske sida. I 1999 var Hallingdølen ei papiravis – og ikkje noko meir. I dag er Hallingdølen papiravis, nettavis, ei rekkje magasin, annonsebilag, videoar og nett-TV. Journalistisk innhald blir publisert på papir og alle digitale plattformer.

Å henge med på den teknologiske utviklinga har vore den største utford-ringa desse åra. Iblant også den største frustrasjonen. Samstundes er lesevanane endra. Det same er inntektsstraumen. Hallingdølen er framleis den største og viktigaste marknadskanalen i Hallingdal. Men ein stadig større del av annonsekronene går til Amerika – til Google og Facebook. Dette bekymrar meg. For god journalistikk kostar. Bortfall av inntekter utfordrar kvalitetsjournalistikken og dermed kvaliteten på avisa. For uansett kva ein måtte meine om Hallingdølen – Hallingdal, og Nore og Uvdal som dei siste åra er vorte ein del av Hallingdølens dekningsområde, treng ei sterk lokalavis. Ei lokalavis som har gjennomslagskraft overfor storsamfunnet.

* Hallingdølen skal vera lokalavisa FOR Hallingdal, OM Hallingdal og MED Hallingdal. * Hallingdølen skal vera seriøs og ordentleg, men ikkje kjedeleg. * Hallingdølen skal vera offensiv og frisk, men ikkje usann og spekulativ. * Hallingdølen skal formidle aktivitet, mangfald og variasjon i dalføret vårt. * Hallingdølen skal vera vaktbikkje overfor det lokale maktapparatet, belyse aktuelle problemstillingar og vera eit korrektiv. * Hallingdølen skal vera det viktigaste forumet for meiningsutveksling i Hallingdal.

Dette var måla mine då eg tok over som redaktør i 1999. Om eg har lykkast, må andre bedømme. For meg har det vore ei spennande, meiningsfull og utfordrande reise. Eg har vore privilegert. Men utan heilhjarta støtte frå styret og dei tilsette ville reisa vorte tyngre og kortare. Difor går den største takken nettopp til styret og dei tilsette.

Og til dykk som føler eg har vore urimeleg i leiarane, låner eg nokre ord frå Tor Jonsson. Frå då han slutta som redaktør i Hallingdølen i 1946; «Orsak, om eg har trødd på såre tær ein gong i blant».