Frå Nystølfjellet er det fri sikt inn i Jotunheimen. Jarl-Eirik Lilleheil og Laban i farta.
Frå Nystølfjellet er det fri sikt inn i Jotunheimen. Jarl-Eirik Lilleheil og Laban i farta.

Sykling mellom bakkar og berg

I løpet av dei siste tre åra har Bjørn Jarle Kvande og kompanjongen Peter Seidl reist Europa rundt i ein grøn bubil for å kartlegge sykkelstigar.

Denne sesongen står Norge for tur. Til saman har dei lagt bak seg 4000 mil med bubilen for å finne stigar frå over 100 ulike destinasjonar. Turen har gått til Spania, Sveits, Italia, Frankrike og mange andre land.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn Jarle Kvande er gründer og dagleg leiar i Trailguide AS, og driv det heile frå heimekontoret på Rotneim i Gol, og kontorfellesskapet Tanken i Ål.

– Trailguide er i dag ein nettstad og app med over 50.000 brukarar. Halvparten av brukarane kjem frå Norge og den andre halvparten frå Europa, fortel han.

Totalt har Trailguide registrert nesten 3000 sykkelstigar, 1560 av desse finst i Norge.

Jarl-Eirik Lilleheil tek ein pause og litt påfyll.
Jarl-Eirik Lilleheil tek ein pause og litt påfyll.
Bardoneccia.
Bardoneccia.
På stigane i Nes, 2018.
På stigane i Nes, 2018.
Val Müstair på fjellet Piz Umbrail. Piz Bernia med Bianco ridge i bakgrunnen.
Val Müstair på fjellet Piz Umbrail. Piz Bernia med Bianco ridge i bakgrunnen.
Stigsykling med Skogshorn som kulisse.
Stigsykling med Skogshorn som kulisse.
Den grøne bubilen parkert i Val d’Aran.
Den grøne bubilen parkert i Val d’Aran.
Ordino.
Ordino.
Bovec, Socca Valley.
Bovec, Socca Valley.
Sør-Tirol, Alta Badia. Utsikt til Marmolada.
Sør-Tirol, Alta Badia. Utsikt til Marmolada.
South Tirol, Stelvio Pass. Fjellet Ortler i bakgrunnen.
South Tirol, Stelvio Pass. Fjellet Ortler i bakgrunnen.
Smale stigar i Lenzerheide.
Smale stigar i Lenzerheide.
Med isbreen Aletsch i bakgrunnen.
Med isbreen Aletsch i bakgrunnen.
Gardasjøen.
Gardasjøen.
Sant Llorenç des Cardassar de Morunys.
Sant Llorenç des Cardassar de Morunys.
Zermatt, Gornergrat.
Zermatt, Gornergrat.
Peter Seidl i Trailguide AS.
Peter Seidl i Trailguide AS.
Bjørn Jarle Kvande starta Trailguide.
Bjørn Jarle Kvande starta Trailguide.

– I Hallingdal og Nore og Uvdal har me dokumentert 125 stigar, fortel han.

Smale stigar i Lenzerheide.
Smale stigar i Lenzerheide.

Dette året skal dei to karane reise rundt i Norge og reklamere for Trailguide.

– Og så skal me sjølvsagt sykle masse. Det er mange reisemål i Norge som ikkje er utforska enno. Det blir turar i heile landet – frå nord til sør, aust til vest, seier Peter Seidl.

Trailguide er eit resultat av rein frustrasjon. Kvande var på ferietur i Alpane i 2013, med sykkelen på taket.

– Eg såg mange terrengsyklar i vegkanten, men hadde vanskar med å finne fram til stigane, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med isbreen Aletsch i bakgrunnen.
Med isbreen Aletsch i bakgrunnen.

Det var ikkje tvil om at det fanst mange skjulte skattar rundt om i fjella. Bjørn Jarle Kvande er sjølv dataprogrammerar. Då han kom heim, laga han eit digitalt kart. Det vart mykje jobbing om kveldane og i helgar.

– Året etter hadde eg samla 30 stigar, forklarar han.

{{imageLeft}}

Frå 2015 har Trailguide vore ein fulltidsjobb. Etter kvart vart også tyske Seidl tilsett. Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge og Ål kommune.

No er målet å stabilisere seg som ei lønsam bedrift. Kundane er lokale verksemder som tener pengar på å få besøk. Dei kan betale for å få ei oppføring i Trailguide slik at syklistane kan finne dei gode stigane og overnattingsstad på ein og same stad.

– Me vil kople syklist, destinasjon og bedrift, fortel Kvande.

Gardasjøen.
Gardasjøen.

Trailguide tilbyr også løysingar for å kombinere tradisjonelle papirkart med digitalt innhald. Ved å skanne QR-kodar med mobilen kjem sykkelstigen rett opp på skjermen.

– Det skal vere enkelt å finne dei gode stigane. Og då må informasjonen komme enkelt ut til sykkelturistane, forklarar Seidl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna er fleire av kommunane i Hallingdal no med på laget og testar ut appen.

Sant Llorenç des Cardassar de Morunys.
Sant Llorenç des Cardassar de Morunys.

Målet til Trailguide er å spreie sykkelturistane utover heile Europa. Få dei til å velje også dei små plassane som i dag slit med å gjera seg kjende.

– Folk reiser helst til ein stad dei veit det er trygt. At ein stig finst i Trailguide, skal vere eit kvalitetsstempel.

Zermatt, Gornergrat.
Zermatt, Gornergrat.

Det er ikkje berre karane i Trailguide AS som legg ut skildring og bilete av sykkelstigar. Etter kvart har det blitt fleire og fleire som bidreg. Dei vil oppfordre lokale syklistar til å nytte Trailguide.

– Nokre syklistar har irritert seg over at «stigane deira» vert fylt opp av masse folk. Men eg meiner at jo fleire stigar som vert delt, jo større vert kaka. Det gjev mindre slitasje på den einskilde stigen fordi det totale avtrykket vert spreidd utover, seier Kvande.

– Sharing is caring, legg Seidl til.

Håpet er at Trailguide kan få folk til å reise kortare for dei gode naturopplevingane.

– Kva med å køyre ein time til nabodalen, framfor å reise med fly til Alpane? Mange drøymer seg bort til destinasjonar langt unna, men det er så mange gode mogelegheiter i nærleiken som ein ikkje veit noko om. Dessutan støttar ein den lokale turismen. Det er rett og slett meir naturvenleg, seier Kvande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Peter Seidl i Trailguide AS.
Peter Seidl i Trailguide AS.

Alle sykkelstigane dei finn fram til vert dokumentert gjennom flotte bilete. Dei to karane er habile fotografar.

– Bileta er ein viktig del av totalpakka. Gode bilete får folk til å velje å sykle nettopp denne stigen, forklarar Peter Seidl.

Ein kan skrive ein god tekst, men eit godt bilete har alt å seie. Det er eit godt stykke arbeid og mykje må gjerast av destinasjonane sjølve.

– Det seier seg sjølv at me ikkje kan dra rundt å ta alle bileta frå alle dei 3100 stigane som no er registrert i Trailguide. Her må alle brukarane bidra, seier Seidl.

Det skal vere enkelt å finne dei gode stigane. Og då må informasjonen komme enkelt ut til sykkelturistane.

Bjørn Jarle Kvande starta Trailguide.
Bjørn Jarle Kvande starta Trailguide.