Synne Mæland-Herheim (framme) og Anna Espeli (i gul leiartrøye) har gjort det skarpt gjennom heile skisesongen og avslutta også godt under Geilo skifestival i helga, saman med nærare 320 andre.
Synne Mæland-Herheim (framme) og Anna Espeli (i gul leiartrøye) har gjort det skarpt gjennom heile skisesongen og avslutta også godt under Geilo skifestival i helga, saman med nærare 320 andre.

Store ambisjonar i langrennssporet

Rekordmange langrennshåp avslutta i helga skisesongen med Geilo skifestival, som i år også inkluderte distanserenn i fjellet i fristil.

Langrenn: 320 barn og unge starta årets påske med å avslutte årets konkurransesesong i langrenn på Geilo.

Det er rekord, men truleg berre mellombels, for ambisjonane til arrangørane er store. Årets nyvinning – distanserenn i fristil – kan vere starten på noko større.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ambisjonar

Ambisjonar er det også blant deltakarane. Særleg to søskenpar frå Geilo har markert seg i toppen i årsklassane gutar 13 og jenter 15 denne vinteren.

Hallingdølen møtte dei under oppvarminga i sesongens siste konkurranse.

– Det ligg kanskje i blodet, seier Synne Mæland-Herheim (15). Ho og broren Eskil (12) er begge ivrige, ho litt meir enn han.

Frå vesntre, Erik Espeli (12), Anna Espeli (14), Synne Mæland-Herheim (15) og Eskil Mæland-Herheim (12).
Frå vesntre, Erik Espeli (12), Anna Espeli (14), Synne Mæland-Herheim (15) og Eskil Mæland-Herheim (12).
(f.v.) Erik Espeli og Eskil Mæland-Herheim varmar opp før start.
(f.v.) Erik Espeli og Eskil Mæland-Herheim varmar opp før start.
Erik Espeli, med nummer 199 på brystet, like før start.
Erik Espeli, med nummer 199 på brystet, like før start.
Rennleiar Roger Espeli ser alltid framover, og er full av ambisjonar.
Rennleiar Roger Espeli ser alltid framover, og er full av ambisjonar.
Tidlegare NTG-Geilo-elev Marcus Berg, er trenar for Sander Teisbekk (Røyken og Spikkestad IL) som har fått plass på NTG frå hausten av.
Tidlegare NTG-Geilo-elev Marcus Berg, er trenar for Sander Teisbekk (Røyken og Spikkestad IL) som har fått plass på NTG frå hausten av.
Det gjeld å velje riktig ski. Synne Mæland-Herheim byter ski, med pappa Frank Herheim ved si side.
Det gjeld å velje riktig ski. Synne Mæland-Herheim byter ski, med pappa Frank Herheim ved si side.
(f.v.) Kristin Hopsnes (Fana IL) og Linea Skjellaug Gunderen (Geilo IL) er klare til start.
(f.v.) Kristin Hopsnes (Fana IL) og Linea Skjellaug Gunderen (Geilo IL) er klare til start.
Her er Tyra Sortåsløkken (Ringkollen SK) med smørjeekspert Pål Gunnar Mikkelsplass bak.
Her er Tyra Sortåsløkken (Ringkollen SK) med smørjeekspert Pål Gunnar Mikkelsplass bak.

– Synne er nok mest konsentrert og fokusert, seier broren.

Når dei står saman med eit anna søskenpar, Anna (14) og Erik Espeli (12), er det store forventningar samla på få kvadratmeter. Alle drøymer om NM-deltaking, og VM.

– Men me gjer det mest fordi det er moro, seier Anna, mens broren presiserer at det er ekstra moro å vinne.

– Kor viktig er det?

– Viktig. Veldig viktig. Målet i dag er topp fem, seier begge gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nikkar også om du nemner OL.

– Kanskje OL, seier Eskil. Han er litt meir usikker enn dei andre, men når det dreg seg til mot start går han i gang med oppvarming han også.

Distanserenn

I tillegg til den ordinære avslutninga i løypene rundt Geilo skistadion, var det nye i år ein «bonusdag» med distanserenn i fristil frå Kikut via Ruperanden og tilbake til Geilo stadion (17 km). Dei eldste gjekk også om Torsrunden. Det betyr 27 km i naturskjønt høgfjell.

– Det er litt nytt. Ofte går dei unge i skogen. Men me har tenkt å vekse, seier rennleiar Roger Espeli, som altså har sikra noko av rekrutteringa sjølv.

Eldstedottera har den gule leiartrøya før start. Anna Espeli meiner heimebane gir ekstra kraft.

– Eg brukar å ta i litt meir då. Kanskje er det fordi det er så mange i løypa som ropar namnet mitt, seier ho.

Storesyster i bresjen

Cupavslutninga gjekk svært godt for jente-duoen (J15).

Synne Mæland-Herheim kom først over målstreken, med Anna Espeli hakk i hæl, berre tre sekund etter. Ålingsjenta Gro Torsteinsrud (Fjellet IL) tok bronseplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt verre vart det i G13-klassen. Eskil Mæland-Herheim kom på ein sjuandeplass, og Erik Espeli på plassen etter, vel halvminuttet etter vinnaren Mathias Hoelsveen (Raufoss IL).

Under distanserennet sundag vann Synne Mæland-Herheim sin klasse, med Gro Torsteinsrud vel fire minutt bak, før Anna Espeli kom på tredje.

Erik og Eskil kom på høvevis 7. og 10.-plass.