Nattenområdet. (Arkivfoto)
Nattenområdet. (Arkivfoto)

Stal mykje verktøy

Politiet etterforskar eit grovt tjuveri i Natten i Nesfjellet.

På eit anleggsområde ved Nesbyen Alpinsenter er det stole elektrisk verktøy for store verdiar.

– Me veit ikkje heile omfanget enno, men det er snakk om verdiar for 100.000 kroner, seier lensmann Halvard Haraldset Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tjuveriet har skjedd natt til 5. november.