Fv. Kristian S. Reinton, Christoffer F. Rukke, Hege Bøkko, Henrik F. Rukke og Håvard Holmefjord Lorentzen.
Fv. Kristian S. Reinton, Christoffer F. Rukke, Hege Bøkko, Henrik F. Rukke og Håvard Holmefjord Lorentzen.

Sprint-NM på skøyter: Håpar på banerekordar

– Det er mogleg å gå veldig fort her, var konklusjonen då dei største favorittane til NM-medaljar testa isen på Glitre dagen før meisterskapen.

Skøyter: Fredag føremiddag var alle dei fem hallingane som skal i aksjon under NM på plass på Glitre for å teste forholda.

På damesida er Hege Bøkko den største favoritten til å ta NM-gullet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ambisjonen er jo sjølvsagt å vinne, men også å gå gode løp. Det hadde vore kjekt å sett to nye banerekordar. Eg deler banerekorden på 500m med Edel Therese Høiseth, og synets ikkje det kan stå to namn på den rekorden. Den vil eg ha åleine. Og Anne Gulbrandsen tok banerekorden min i fjor på 1000m, så den vil eg gjerne ha att.

Banemeister Ola Halvar Jorde har ein draum om 35,9 og 39,9.

– Me får sjå korleis vêret og forholda er i morgon. Men isen ser kjempebra ut. Ola Halvar og medhjelparane hans har jobba ekstremt mykje. Dei gjer stas på oss løparar og gjer det litt ekstra kjekt for oss å gå her, meiner Bøkko.

Hege Bøkko og Henrik F. Rukke før NM på Glitre.
Hege Bøkko og Henrik F. Rukke før NM på Glitre.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke før NM på Glitre.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke før NM på Glitre.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke fremst, Kristian S. Reinton og Christoffer F. Rukke bak.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke fremst, Kristian S. Reinton og Christoffer F. Rukke bak.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke prøvde isen dagen før NM.
Håvard Holmefjord Lorentzen, Hege Bøkko og Henrik F. Rukke prøvde isen dagen før NM.
Christoffer F. Rukke og Kristian S. Reinton håpar på gode tider på Glitre.
Christoffer F. Rukke og Kristian S. Reinton håpar på gode tider på Glitre.

– Også er det ekstra kjekt å gå nesten på heimebane.

Favoritten

Med seg hadde dei også OL- og VM-meister frå sist sesong, Håvard Holmefjord Lorentzen. Fana-løparen må også ta med seg favorittstempelet inn i NM-helga.

– Det må eg vel kunne seie, ja. Men eg får god konkurranse av unggutane med Henrik (Rukke) og Bjørn (Magnussen) i spissen.

– Eg håpar å gå fort, og ta banerekorden. Ola Halvar har mål om at eg skal kome under 36, så får me sjå om det går. Men eg trur det skal vere mogleg å gå like fort her som i verdscupen i Japan tidlegare i år. NM-tittelen er sjølvsagt målet mitt, og så må eg klare å halde unggutane bak meg. Dei ligg litt bak på 1000-meter, men går veldig fort på 500, så eg får tøff konkurranse.

Lorentzen har vore mykje i Hallingdal, både i samband med tidlegare NM og andre løp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var ein stor gjeng som reiste til Hallingdal og gjekk Hallingdalskarusellen kvar vinter, så eg har gode minner herifrå. Eg trur dette er den banen eg har vore flest gonger på, utanom Slåtthaug og dei store innandørsbanane. Eg trivst veldig godt her, seier han.

Vil utfordre

Henrik F. Rukke er ein av dei som håpar å gi Fana-løparen kamp.

– Eg må vel vere ærleg og seie at det skal noko til å ta fyrsteplassen, men ein veit aldri ... Klarar eg ein solid andreplass, så er eg godt fornøgd.

Han er godt kjent på banen på Glitre, etter tre år på Gol vidaregåande for nokre år sidan.

– Eg har gått veldig mykje her. Det er alltid gøy å gå på heimebane, og eg trivst med å gå utandørs. Det er ikkje meldt så kaldt heller, så då er det berre kjekt å gå ute.

I tillegg til landslagsløparane Rukke og Bøkko stiller Christoffer F. Rukke og Kristian S. Reinton (begge Hol) i seniorklassen. Erlend André Rue (Gol) er einaste lokale løpar i juniorklassen.