John Ragnar Kvam-Aarset.
John Ragnar Kvam-Aarset.

Språk, spjåk og bråk

Støvet har lagt seg i Hol etter siste omgang med språkstrid.

Som ambassadør for dialekt og nynorsk, har eg lært meg at språk er eit minefelt kor ein skal vere særs varsam med å tråkke til og ha meiningar på vegne av andre. Språk blir ofte bråk. For språk handlar om noko av det mest private hjå oss, korleis me pratar og skriv. Likevel – eg må trakke litt uti.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingmålet synest å vere alvorleg truga. Det er trist, nitrist. Når eg fortel vener og kollegar i Oslo-byen, at eg knapt høyrer ungdom i heimbygda som pratar halling, blir dei sjokkert. «Er det sant? Så ille. Vi liker da alle å høre dialekten, dit vi kommer.»

Me lever i ei tid der individualismen har gode kår. Det er stas å vise seg fram, og alle skal vere seg sjølv. Alle som går sine eigne vegar, blir heia på. Alt skal vere unikt og originalt. Eg synes dette er flott. Men med språket går det andre vegen. På mest heile Austlandet blir dialektane vatna ut. Kvifor vil ikkje fleire nytte språket til å fortelje kven dei er og byggje den individuelle merkevara si? Er det spjåk og jåleri og manglande stoltheit over å vere halling?

Eitt av mine personlege val har vore å halde på hallingen. Noko utvatning etter åra i Oslobyen har det vorte, men eg står i mot etter fattig evne. Når nokon fortel meg at «Du snakker da ikke så utpreget dialekt, du», rykkjer det i meg. Eg må skjerpe seg. Men oftare blir eg motivert av alle som seier; «Du har så vakker dialekt. Er det Telemark eller Hallingdal? Den må du holde på. Lov meg det!» Dei seier det så inderleg.

I gymnastida tok eg eit anna val, som hang saman med dialektvalet. Eg byrja å få dreisen på nynorsk. Læraren var flink til å lære oss korleis me skulle lytte til dialekten for å få gramatikken på stell. Det var mange engasjerte målungdomar på Gol, med t-skjorter og jakkemerke med «Dialekt+nynorsk=sant». Eg kjøpte den pakka og bytta frå bokmål til nynorsk. For all del, det fins like mange i Hallingdal som skriv bokmål, som nynorsk, og som pratar halling. Men dette fungerte for meg. Å skrive og prate - det eine støttar det andre.

På arbeidsplassane eg har hatt, har eg vore i solid mindretal, men eg har aldri fått ein einaste negativ kommentar verken for nynorsken eller dialekt. Tvert om. «Kult. Bra at du holder på språket ditt.» Eller som ei på økonomiavdelinga sa, som eg oftast utveksla kjedelege, tekniske meldingar med; «Jeg leser alltid e-postene fra deg, for de er nesten som dikt.» Eg har til og med tent pengar, fordi eg vore han eine som var stø i nynorsk. Og det fins spanande jobbar som du aldri kan få dersom du ikkje kan nynorsk.

Mitt klare råd til alle hallingar er: Våg å vise kor du kjem frå. Våg å vere halling. De som er unge, og som skal ut av bygda for å studere og jobbe. Dyrk merkevara di. Du skil deg ut positivt. Det løner seg – eg lovar! Det er stas å vere «han hallingen». Me har ikkje noko å skjemmast over, har me vel? Og de som har vorte verande i dalen: Hald på hallingen i deg, og før arven vidare. Dei som er tilreisande likar det óg best slik – i den grad det skal ha noko å seie.