Snowboard: Toppa i norgescupen

Geilokøyrarane leverte solide resultat i Kirkerudbakken i helga.

Der gjekk norgescup i slopestyle laurdag og bigair sundag. Systrene Kamilla og Stine Espeli Olsen hadde ei god helg i Kirkerudbakken. Laurdag vann dei kvar sin juniorklasse. Stine vann junior jenter, føre klubbvenninna Ine Marie Misund, medan Kamilla vann yngre junior. Sundag tok geilojentene storeslem i junior jenter. Då vann Stine Espeli Olsen føre Bettina Roll og Ine Marie Misund. Kamilla Espeli Olsen gjorde som dagen før, og vann yngre junior. Sander Mørk Danielsen vart nummer to i bigar, yngre junior, og dagen etter tok han tredjeplassen i slopestyle. Sundag vart Marino Kristjansson nummer tre i senior herrar, og Baldur Vilhelmsson tok andreplassen i junior, gutar.