Tori Snerte fekk Trygve Hoffs minnepris 2015, utdelt i Geilo kulturkyrkje 28. november av Sverre Breivik frå styret i Trygve Hoffs stiftele. Bak står Hemsedalskoret.
Tori Snerte fekk Trygve Hoffs minnepris 2015, utdelt i Geilo kulturkyrkje 28. november av Sverre Breivik frå styret i Trygve Hoffs stiftele. Bak står Hemsedalskoret.

Snerte fekk nasjonal kulturpris

– Juhu, endeleg ein pengepris, sa Tori Snerte då ho tok imot Trygve Hoffs minnepris på 50.000 kroner denne helga.

Ola Bremnes har fått han. Henning Sommerro har fått han. Og no har også Tori Snerte fått han.

Trygve Hoffs minnepris gjekk denne helga til den hardtarbeidande kulturarbeidaren i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endeleg lønn for strevet

– Prisen går til ein person som driv kulturarbeid i Trygve Hoffs ånd, sa Sverre Breivik. Styrerepresentanten i minnefondet tok turen frå Hoffs heimbygd, Rognan kommune i Nordland, til Geilo kulturkyrkje for å overrekke prisen og kaste glans over prisvinnaren.

– Juhu! Som kulturarbeidar opplever ein ofte heider og ære, men det er sjeldan ein får pengar, repliserte Snerte som i gleda slo over på si nordnorske dialekt.

– Eg veit akkurat kva eg skal bruke dei til også, sa ho.

Musikkmøte i Hoffs ånd

Overrekkinga skjedde under ein seanse i Geilo kulturkyrkje laurdag. Tori Snerte er dirigent for Hemsedalskoret, som i lengre tid har øvd på åtte låtar av Stein Torleif Bjella, spesialskrive for kor.

Det er profesjonelle komponistar og musikarar som har arrangert musikken, mens det er amatørkoret som framfører. Snerte har hatt det kunstnarlege ansvaret for begge delar.

Det er nettopp slike prosjekt, der profesjonelle og amatørar møtest, som låg Trygve Hoff nært også.

Nasjonal pris til regional innsats

Laurdag var det ei slags lukka generalprøve for Sparebank 1 Hallingdal Valdres, mens konserten, som er ope for publikum, først er sundag kveld.

Det er nemleg bankens eigar, Sparebankstiftinga, som har gjort det musikalske samarbeidet mogeleg økonomisk. Stiftinga er også ein viktig bidragsytar til minneprisen. Slik sett vart det full pott på Tori Snerte denne helga. Ho fekk både utfalde seg kunstnarleg, samt ein pengepremie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cuba og bassfløyte

– Kva skal pengane gå til?

– Eg vil ta med ungane til Cuba. Dessutan får eg råd til ei spesiallaga bassfløyte.

– Kva betyr prisen for deg?

– Som åleinemor og bonde har eg lagt band på meg til berre å jobbe regionalt. Då er det ekstra artig å få ein pris med nasjonal karakter. Det gjer mykje og gir inspirasjon til å leggje lista endå høgare. Ein får lyst å jobbe endå meir langsiktig, seier ho og slår eit slag for amatørane.

– Det er viktig å også ta amatørkunstnarar på alvor.

Minneprisen er likevel først og fremst ein pris til den profesjonelle kulturformidlaren Tori Snerte, for samarbeid, integrering av ulike kunst- og uttrykksformer og for ringverknadane ho er med å skape i lokalmiljøet.

Vil du bli betre kjend med Tori Snerte kan du lese portrettintervjuet med henne, frå Hallingdølen 28. november 2015, her.