Sleeking på skøytepallen

Joren Sleeking tok bronsemedalje under landsmeisterskapen på skøyter i Drammen.

Brørne Robin og Joren Sleeking gjekk gode løp under landsmeisterskapen på skøyter i helga. Joren stilte i 13-årsklassen, og opna helga med bronsemedalje på fellesstarten etter eit godt løp. Vidare vart han nummer fem på 1000-meter, fem på 1500-meter og tok ein sjetteplass på 500-meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Broren Robin gjekk i 15-årsklassen og persa utandørs på tre av fire distansar. Han vart nummer 11 på 3000-meter, 12 på 1000-, meter, 13 på 1500-meter og 14 på 500-meter.