Skule og idrettshall kosta 328 millionar

Denne veka vart den samla rekneskapen for heile utbygginga på Hallingmo lagt fram for politiske utval i Gol. Ny skule og fleirbrukshall, med tomtekostnader og infrastruktur, kom til saman på 328.282.682 kroner.

Det betyr at prosjektet har hatt eit mindreforbruk på 1,25 millionar. I utval for natur og næring fekk Kari Anita Brenna (Sp) fleirtal for eit framlegg om at inntil 0,5 millionar av desse pengane blir brukt til å oppgradere uteområdet ved skulen. Administrasjonen får også fullmakt til å vurdere innkjøp av vaskerobot til fleirbrukshallen. Det er sett ei øvre grense på 0,5 millionar for innkjøp av vaskerobot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka skal opp i formannskapet torsdag og blir endeleg avgjort av kommunestyret i mai.