Tuv skule. (Arkivfoto)
Tuv skule. (Arkivfoto)

Skule kvar dag i Hemsedal?

Det går mot slutt på skulefri ein dag i veka for småskulebarn i Hemsedal.

Hovudutval for livsløp gjekk torsdag inn for å innføre 5 skuledagar frå hausten av.

Utvalsleiar Håvard Venås (KrF) foreslo å halde fast ved dagens 4 dagars-modell fordi så mange er delt i synet på saka. Forslaget fekk berre støtte frå Geir Carlström (Ap). Fleirtalet (H, Frp, Sp og SV) gjorde som rådmannen foreslå, å gå inn for skule kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er kommunestyret som avgjer spørsmålet 6. februar.