Hol kommunestyre godkjende sluttmeldinga for flaumsikringa av Skriubekken.
Hol kommunestyre godkjende sluttmeldinga for flaumsikringa av Skriubekken.

Skriubekken flaumsikra

Skriubekken i Hol sentrum har skapt problem ved fleire tilhøve.

Difor løyvde kommunen i 2007 3,9 millionar kroner til flaumsikring. Onsdag vart sluttmeldinga for arbeidet godkjend av kommunestyret. Bekkeløpet frå Nerolsvegen til kommunehuset er grave opp og plastra, og fire bruer har erstatta røyr med for liten kapasitet. Arbeidet er utført av Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Hol kommune. Sluttsummen vart til slutt 3,4 millionar, drygt 500.000 mindre enn forventa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg set pris på alle sluttmeldingar som kjem tilbake med pengar, kommenterte ordførar Petter Rukke (Ap).