Skrantesjuka og reinen i Nordfjella

Vi er vel mange framleis i sjokk, men kan vi tillata oss å vera handlingslamma?

«Vi får venta og sjå» synest å vera meininga og haldninga no. Og så må vi passa på at reinen i Nordfjella ikkje kjem seg ut av sitt område. Alternativet synest å vera full utslakting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det finst ein middelveg. For å koma i gang, og for å få meir kunnskap kan ein slakta ut ca. 25 prosent av dyra, undersøka desse og så analysera situasjonen.

Ei slik utslakting er det best å gjennomføra i februar/mars/april.

Stort apparat

Ein må ha jegerar med scooter og på ski på bakken. Så må ein samla slakta og transportera ut slakta med helikopter.

No må vi tenka på sjukdomskartlegging og hindring av smittespreiing.

Det er bortkasta tid og energi å tenka på korleis denne sjukdomen oppstod eller kor kom han frå.

Det kan henda at smitten er ny, kanskje til og med heilt ny. Då finn vi ikkje mange smitta dyr, men truleg vil fleire dyr verta smitta om kortare eller lengre tid.

Eit betre beslutningsgrunnlag for kva vi bør gjera, finn vi ved å slakta ut og undersøka fleire dyr.

Har kapasiteten

Vi har kapasitet til å slakta ut dyra. Erfaringa frå jakt og slaktesesongen sist haust viser at vi har kapasitet til å ta ut prøvane, og vi har kapasitet på laboratoria til å få analysert prøvane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er berre ein ting å seia: Kom i gang! Vi har ikkje mykje tid å mista!