Skiskyting: Ingen opptur i IBU-cup

Jaktstarten i IBU-cupen vart ingen opptur for Aleksander Fjeld Andersen (Geilo).

Geilingen har takka for tilliten med å hevde seg godt i fleire løp i IBU-cupen i januar. Torsdag tok han 15.-plassen, og hadde eit godt utgangspunkt før jaktstarten laurdag. Der vart det til saman seks bom, og Andersen gjekk i mål til ein 29.-plass. I mål var han fire minutt og 23 sekund etter franske Fabien Claude, som vann.