Volvo kallar den spesielle lyssignaturen «Tors hammar». Aldri har nokon Volvo vore så frampå som XC90-en.
Volvo kallar den spesielle lyssignaturen «Tors hammar». Aldri har nokon Volvo vore så frampå som XC90-en.

Skandinavisk i særklasse

Lyssignaturen i lyktene på den nye Volvo XC90 blir kalla «Tors hammar». Volvo drar designstrikken langt på den nye luksusbilen.

Aldri har Volvo lansert ein bil som er så oppsiktsvekkjande og så proppfull av tryggingsutstyr, og aldri har dei vore meir sjølvsikre.

Samtidig flørtar dei vilt med både Kina og USA. Det er nemleg dei to viktigaste marknadene for flaggskipet. For Volvo er denne bilen like viktig som hjulet er for bilbransjen, ikkje minst fordi han stakar ut kursen Volvo skal følgje vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Små endringar

Seint sist haust på Volvos tryggingssenter: Snart skal ragnarok bryte laus. Ein oransje Volvo XC90 kjem farande. Inne i bilen sit fire kollisjonsdokker, og bagasjerommet er fylt opp med avansert måleutstyr. Bilen flyr over grøfta før han treffer ein kant og blir slyngd til vêrs. Delane fyk i alle retningar mens lyden av høgfast stål som blir deformert, flerrar haustlufta. Så blir alt stille.

Ein ingeniør fortel om den vesle sete-metallbiten som blir deformert i situasjonar som denne. Åleine reduserer han faren for ryggskadar ved denne typen ulykker med rundt 30 prosent – og Volvo XC90 er den første bilen i verda som har nyvinninga.

God plassutnytting

Volvo er stolte av den nye super-suven. Det har dei òg all grunn til. Den iaugefallande fronten med den spesielle lyssignaturen kjem vi til å få sjå meir av på andre bilar frå produsenten. Men når eg står framfor bilen, klarer eg ikkje heilt å fri meg frå tanken om at dei kanskje la ned litt for mykje arbeid i fronten og dermed gløymde resten. Frå sida og bakfrå ser XC90-en meir ordinær ut.

Førarmiljøet er oversiktleg og held høg standard. Peikeskjermen bruker du som eit nettbrett, men det stel òg ein del av merksemda.
Førarmiljøet er oversiktleg og held høg standard. Peikeskjermen bruker du som eit nettbrett, men det stel òg ein del av merksemda.
Volvo XC90 er mykje større enn forgjengaren, og den innvendige plassen har òg vorte betre i luksuskryssaren.
Volvo XC90 er mykje større enn forgjengaren, og den innvendige plassen har òg vorte betre i luksuskryssaren.

Men lukk opp døra, og du møter enda ei ny side av Volvo. Her er det tung luksus som rår. I testbilen er dufta av oppblåste kollisjonsputer bytt ut med dufta av skinn. Aldri har ein Volvo hatt eit meir nobelt interiør.

Peikeskjermen bruker du på same måten som eit nettbrett. Det er ikkje nødvendigvis av det gode, for all sveipinga, knipinga og trykkinga på den informasjonstunge skjermen tar bort litt av merksemda frå trafikken.

God komfort

Komforten i XC90-en er svært høg. Seta er gode, køyrestillinga fin, og det innvendige støynivået lågt. Berre over korte humpar har Volvo litt å hente på fjæringskomforten.

XC90-en er ein stor og tung bil. Det er til å merke ute på vegen òg. Køyreeigenskapane er gode, men du skal ikkje presse bilen for mykje før han byrjar å protestere. Men kvifor skal du eigentleg presse han? Denne bilen er laga for komfort, og det er òg komfort han leverer. Er det det som er målet, får du det i rikt monn.

470 newtonmeter

Dei nye VEA-motorane til Volvo har fått mykje skryt for effektiviteten. Det gjeld òg motoren i XC90-en. Med eit slagvolum på berre to liter yter den firesylindra dieselmotoren 225 hestekrefter og har eit maksimalt dreiemoment på 470 Nm. Med denne motoren klarer bilen sprinten frå 0 til 100 på makelege 9,2 sekund, ifølgje målingane våre, men ute på vegen er det likevel ikkje slik at du sit og ønskjer deg meir effekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forbruket er òg rimeleg bra. Vi målte det til 0,78 liter per mil.

Ikkje billig

Dei store kritikkpunkta mot XC90-en finn vi ikkje, men somme vil nok kan hende reagere litt på at bilen er såpass stor. Det er ikkje alltid like lett å vite kor hjørna er, og ute på vegen blir han òg oppfatta som diger. Den positive sida av dette er at det er god plass inne i bilen – enten du sit framme, bak eller skal laste inn i bagasjerommet.

Med ein startpris på 856.000 kroner er det vanskeleg å sjå bilen som eit kupp, og du skal ikkje ha mange kryss i ekstrautstyrslista før prisen passerer millionen. Men det du får for pengane, er ein Volvo som utfordrar dei etablerte luksus-suvane – og som på visse punkt overgår dei med. Det er nye taktar frå Torslanda. (©NPK)

* Pris testbil: kr 856.000,-

* Motor: 4-syl diesel. 1969 ccm. 225 hk v. 4250 o/min. 470 Nm v. 1750 o/min.

* Aks. 0– 100 (målt): 9,2 sek

* Toppfart: 220 km/t

* Forbruk (oppgitt/målt): 0,58/ 0,78 l/min (152 g/km)

* Mål (LxBxH): 4950x2008x1775 mm

* Akselavstand: 2984 mm

* Eigenvekt: 1963 kg (©NPK)