HFK måtte reise heim utan eit einaste poeng i bagasjen fredag kveld etter at dei tapte 2–0 mot Fjell i Drammen. Trenar Jan Eirik Thorberg seier at han er skuffa over resultatet.
HFK måtte reise heim utan eit einaste poeng i bagasjen fredag kveld etter at dei tapte 2–0 mot Fjell i Drammen. Trenar Jan Eirik Thorberg seier at han er skuffa over resultatet.

Sesongens fyrste tap

Herrelaget til HFK måtte reise heim frå Drammen utan poeng fredag kveld. – Me er veldig skuffa, seier Jan Eirik Thorberg

Det var knytt stor spenning til kampen mellom Fjell (Drammen) og HFK fredag kveld. Før kampen leda Fjell tabellen med eit poeng på HFK, som ligg som nummer to på tabellen i 4. divisjon. Men Fjell har ein kamp mindre spelt. Kampen fredag enda 2–0 til Fjell, ein kamp som i fylgje trenar Thorberg var jamn og kunne slått begge vegar.

Jamn kamp

– Det var ein jamn og tett kamp på ein vanskeleg bane og mot eit godt lag. Sjølv om me gjennomførde ein grei kamp, fekk me ikkje sett spelet vårt og greidde heller aldri å setja det fyrste målet. Me er litt skuffa no, seier Thorberg

Artikkelen held fram under annonsen.

HFK hadde fleire store sjansar framfor målet til motstandarane. Tre gonger var dei åleine med målvakta, men avslutningane var ikkje gode nok.

Men HFK har ikkje tenkt å deppe lenge på tapet. Komande fredag er det ny tur til Drammen, mot Drammen ballklubb.

Lita luke

– Me diskuterte i garderoben i kveld at det var synd neste kamp ikkje var før, men fredag 16. mai er me skikkeleg klare igjen og då skal me ta Drammen.

Det var fleire hundre tilskodarar og såg kampen i kveld.

– Det var god trøkk på tribunen, og det er jo kjekt, seier Thorberg.

Tapet fredag kveld førte til ei lita luke mellom fyrste- og andreplassen på tabellen. Fjell ligg no øvst med 16 poeng, medan HFK ligg på andreplass, framleis med 12 poeng. HFK har ein kamp mindre spelt.