Dei har hatt mykje moro i lag og no har Magnar Bergo og Arne Sandum endeleg starta band saman igjen.
Dei har hatt mykje moro i lag og no har Magnar Bergo og Arne Sandum endeleg starta band saman igjen.

Sandums nye musikalske liv

Hellbillies-exiten betydde ikkje at Arne Sandum parkerte bassen. Tvert imot.

Kanskje trudde du at Arne Sandum skulle gi seg med musikken, då han pensjonerte seg frå Hellbillies i fjor? Å, nei da. Sandumen er like aktiv han. I meir enn 50 år har han vore utøvande musikar. Med comeback i Sven Nyhus kvartett og ikkje minst i draumeprosjektet Gamle Kjente.

Endeleg får nettopp Gamle Kjente musikkvener realisere draumen om å spela saman att. Arne Sandum, Magnar Bergo og Tore Løvgren har dessutan fått med seg den store visestemma Yngve Kristiansen frå Drammen. No gjer den ferske kvartetten med dei drivne musikarane seg klare for stor visekveld i Hallingdal feriepark i februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg greier ikkje la vera å spela. Når eg går opp på den scena, då skjer det noko, smiler Arne Sandum.

Ut på vegen

Sist vår gjekk ideen om å starte Gamle Kjente frå leik til alvor. Sandum hadde hatt nokre duojobbar med trubaduren Yngve Kristiansen. Ein fantastisk tolkar av Cornelis Vreeswijk, ifølgje bassisten. Og etter årevis med ein plan om «å gjera noko saman», kunne han tromme i hop dei gode, gamle musikkvenene Magnar Bergo (ex-goling) og Tore Løvgren, som bur i Valdres. Konseptet er nordiske viser, så her er det Vreeswijk, Bellmann, Taube, Sandbeck, Prøysen og meir til.

Gamle Kjente nøyer seg slett ikkje med éin konsert. Dette er berre starten, ifølgje Arne Sandum og Magnar Bergo. I haust blir det turné i regi av Den kulturelle spaserstokken, med over 50 konsertar i Akershus.

Arne Moslåtten, Arne Sandum og Tore Løvgren.
Arne Moslåtten, Arne Sandum og Tore Løvgren.
Arne Sandum (sologitar), Magnar W. Lund, no Bergo, (tromme) og Harald Slettemoen (rytmegitar og song). Dei to bak er Evald Skavås (bassgitar) og Arne Moslåtten (orgel og song).
Arne Sandum (sologitar), Magnar W. Lund, no Bergo, (tromme) og Harald Slettemoen (rytmegitar og song). Dei to bak er Evald Skavås (bassgitar) og Arne Moslåtten (orgel og song).
(Faksimile, Hallingdølen 15. mars 1966.)
(Faksimile, Hallingdølen 15. mars 1966.)
Frå venstre Arne Sandum, Ål, med rytmegitar og Magnar Lund, Gol, slår på tromme. Arne Moslåtten frå Ål spelar sologitar og Evald Skavås frå Gol er bassgitarist. Gruppa vart starta i 1964, og vart nummer to under Buskerud-meisterskapen i popmusikk i 1965.
Frå venstre Arne Sandum, Ål, med rytmegitar og Magnar Lund, Gol, slår på tromme. Arne Moslåtten frå Ål spelar sologitar og Evald Skavås frå Gol er bassgitarist. Gruppa vart starta i 1964, og vart nummer to under Buskerud-meisterskapen i popmusikk i 1965.
To hallingar og tre telemarkingar. F.h. Magnar Bergo, Arne Sandum, Tor Eilev Almankås, Glenn Lyche og Jon Egil Brekke.
To hallingar og tre telemarkingar. F.h. Magnar Bergo, Arne Sandum, Tor Eilev Almankås, Glenn Lyche og Jon Egil Brekke.
Hellbillies har hatt suksess i over 25 år Her med Aslag Haugen (t.v.) Arne Sandum.
Hellbillies har hatt suksess i over 25 år Her med Aslag Haugen (t.v.) Arne Sandum.
Arne Sandum (sologitar), Magnar W. Lund (no Bergo, tromme) og Harald Slettemoen (rytmegitar og song). Dei to bak er Evald Skavås (bassgitar) og Arne Moslåtten (orgel og song).
Arne Sandum (sologitar), Magnar W. Lund (no Bergo, tromme) og Harald Slettemoen (rytmegitar og song). Dei to bak er Evald Skavås (bassgitar) og Arne Moslåtten (orgel og song).
Yngve Kristiansen frå Drammen er ein sterk visetolkar, og vokalist i Gamle Kjente. (Arkivfoto)
Yngve Kristiansen frå Drammen er ein sterk visetolkar, og vokalist i Gamle Kjente. (Arkivfoto)

To låtar på to timar

Sandum og Bergos har eit langt musikalsk venskap. Tidleg på 60-talet hadde Bergo begynt å spela med The Clinkers, og i 1964 vart Sandum med. Historia om Hallingdals svar på Rolling Stones er eit eventyr. Om korleis 14 år gamle Bergo og Shadows-kameratane oppdaga Arne Moslåtten som spelte gitarboogie saman med ein lærar under juleavslutninga på realskulen i Nesbyen i 1962.

Bandet fekk med seg Moslåtten, dei øvde og under skuleavslutninga i desember 1963 hadde dei sin fyrste opptreden. Med to gitarar, bass og trommer. Men den eine rockaren måtte slutte då foreldra sette foten ned, og slik var Arne Sandum med. Gruppa vart buskerudmeister for beat band i 1966 og ein del av premien var å spela inn ein singel. Denne vart trykt i berre 1300 eksemplar og er i dag eit klenodium.

Det heile skjedde i studio hjå ABC film i Oslo, med ei tidsramme på to timar. The Clinkers parkerte bilen, bar inn utstyret, sette det opp, spelte inn dei to låtane, rigga ned og bar ut att. Då hadde det gått ein time og tre kvarter.

Den eine av låtane på plata har Arne Moslåtten skrive, men elles brukte Clinkers å høyre på Radio Luxembourg og skrive ned tekstane slik dei tykte dei høyrde dei. Det kunne bli litt av kvart, ifølgje Arne Sandum. Bandet hadde på det meste 90 spelejobbar på eit år. Sidan ingen hadde telefon heime måtte mor til Bergo, som dreiv kafé på Gol, ta seg av bookinga.

Oppløyst etter bilbrann

Då Hallingdals fyrste beatband la opp våren i 1967, heldt Sandum og Bergo fram med å spela saman, då med nokre telemarkingar i West Avenue Orchestra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skulle vera ei supergruppe, og var veldig artig, men det vart stort sett med den sommaren der, mimrar Sandum.

Symbolsk nok brann bandbilen opp, ei amerikansk stasjonsvogn med tilhengar, på veg til ein spelejobb i Skien. Karane hadde reist frå Gol, men då dei kom til Gulsvik lukta det svidd.

Det hadde teke fyr i bakdekket, og etter å så vidt ha fått redda tilhengaren med alt musikkutstyret, gjekk heile bilen opp i røyk. Ein kuriositet er det at Thorstein Berg i Hallingdal Feriepark var manager, og no er det han som på trommar saman til stor visekveld med Sandum, Bergo og resten av kvartetten i Gamle Kjente i ferieparken. Då får endeleg Arne Sandum framføre for publikum desse visene som han er så glad i.

Torader til festbruk

Men det er også ein anna sjanger som står hjarta hans nære, folkemusikk og gammaldans.

Trekkspelaren Tore Løvgren starta tidleg eit gammaldansorkester, og då dei mangla gitarist på ein spelejobb på Fagernes i 1971, steppa Arne Sandum inn. Dei to dreiv butikk saman tidleg på 70-talet og fann ut at dei måtte starte eit rockeband. Dei fekk med seg Tore Dokken på vokal, Magnar Bergo på trommer og Ola Teigen frå Flå på bass. Det var starten på Uflax, som spelte med denne besetninga i eit års tid, og som framleis eksisterer. Løvgren og Sandum spelte også saman i Toradertrioen, Sven Nyhus kvartett, Honndalstausene og nemnde Tore Løvgens kvartett.

Arne Sandum spelte i fleire år saman med Sven Nyhus, fyrst gitar og så bass, før det vart for travelt med Kådnbandet, forløparen til Hellbilles. Og han mimrar gjerne om musikalske stunder med trekkspelar Halvard Haugen. Trass i det altoppslukande Hellbillies-eventyret, har han kjent på saknet etter gammaldansen.

– Eg har tenkt mykje på Røros-musikken, på polsen, innrømmer Sandum. No er han attende, og den populære gammaldansgruppa til Sven Nyhus er i platestudio med åtte nye slåttar.

– Så det har hendt at du har tek fram toraderen også dei siste 25 åra?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hehe, eg spelar litt torader, men berre til festbruk, humrar han.

– Arne vart rastlaus

Dei har mykje å mimre om Arne Sandum og Magnar Bergo, når dei no endeleg har funne saman att på scena. Dei tykkjer synd på dagens unge som ikkje får oppleva storheitstida på 60- og 70-talet med musikk og fest på mange lokale kvar einaste helg. Musikkmiljøet var ikkje stort, og ein fekk med seg alle sjangrar.

– Me hadde rockeband, men høyrde også på gammaldans og folkemusikk. Ein fin ballast å ha med seg, meiner Bergo.

Gjennom diskoteket dei dreiv saman på Gol, og klubben dei dreiv saman i Oslo, fekk dei ein flying, musikalsk, start saman. Men etter desse tidlege åra, har ikkje dei to møttest musikalsk særleg ofte.

Bergo begynte å spela med Band of the 60´s på slutten av 70-talet, og fekk det etter kvart travelt med Drammen Lyd. Det var firma og familie, og to periodar på Stortinget, og då vart det iallfall ikkje tid til å drive med musikk. I 2009 starta han draumeprosjektet Bergos Berme, som driv på framleis. Eit stort hobbyprosjekt med 11 musikantar, som det er ikkje er mogleg å drifte kommersielt, men som skal få leva.

– Så vart Arne rastlaus, og me har snakka om å gjera noko saman lenge, fortel Bergo. Men ideen har fått vekse fram, dei har hatt nokre viseøvingar, men karane understrekar at det sosiale i botnen er det vesentlege. Ein kameratgjeng der musikken er limet.

– Cornelis er borte, det er meiningsfylt å forvalte arven vidare, seier Bergo.

Det er mange sjangrar dei kunne valt,. Men då dei fekk med ein uslipen diamant som Yngve Kristiansen, var det lett å velje. Det måtte bli Cornelis og nordiske viser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har høyrt alle tolkarane, frå Hank von Helvete til Cornelis’ eigen son. Dei når ikkje Yngve opp til knea, meiner Bergo: Han er den beste tolkaren og formidlaren av stoffet, og ei fornøying å spela saman med.

Handplukka

Tore Løvgren bur i Rogne, Yngve Kristiansen i Svelvik, Magnar Bergo i Drammen og Arne Sandum på Ål. Men å treffast for å øve er ikkje vanskeleg. Bandet har høg prioritet hjå alle. Eit band med handplukka medlemmer, som ikkje var vonde å be, ifølgje Sandum.

– Kva fengjer så sterkt med Vreeswijk?

– Det er fyrst og fremst dei fine tekstane, med humor og kjærleik.

Saman har Gamle Kjente funne eit brukbart program, meiner dei, no skal dei gå i djupna å sy saman eit konsertprogram til opptredenen i Hallingdal Feriepark.

Når ein stenger ei dør bak seg opnar det seg ei ny. Frå å spela for tusenvis av fans med Norges mest populære band, er det ingen nedtur å skru ned lyden og dele ein viseskatt.