Salet av Glitrehaug

Administrasjonen i Gol slår kontra. Salet av dei kommunale eigedomane Glitrehaug skole og den godt 17 mål store nabotomta blir trekt. Rådmannen foreslår at kommunen lyser ut salet på nytt, og at den tidlegare skolebygningen og nabotomta blir selt kvar for seg. Det vil også gje best økonomisk utteljing for kommunen.

Salet av Glitrehaug-eigedomane i Gol sentrum framstår som uryddig og merkeleg. Med hemmeleghald av viktige opplysningar, dokument som er vorte halde attende for innsyn, brot på Offentlegheitslova og ein ukomfortabel eigedomsmeklar. Ikkje eingong politikarane har fått tilgang til viktig informasjon. Då formannskapet skulle ta stilling til tilboda, fekk politikarane berre vite namnet på den eine av to tilbydarar. Den andre forlangte å få vere anonym. Eit krav administrasjonen etterkom. I sakspapira var namnet sladda. Politikarane fekk heller ikkje vite kva den hemmelege tilbydaren ville bruke Glitrehaug til.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ettertid er det kome fram at «kjøpar X» var selskapet Glitrehaugen Eiendom AS. Bak selskapet står Asle Ø. Thorset og dottera Marte Steimler Thorset som eig Skogstad hotell i Hemsedal. Dei to ynskjer å nytte Glitrehaug til asylmottak for mindreårige barn.

Bodet frå Thorset var på 5,7 millionar kroner. Den andre tilbydaren, Bjerke Nettbygg, baud 6 millionar for Glitrehaug skole og 2,5 millionar for nabotomta. Fleirtalet i formannskapet (Sp, Høgre og Venstre) vedtok at kommunen skulle gå i forhandlingar med Bjerke Nettbygg. Mindretalet (Ap og KrF) ville vite kva tilbydarane skulle bruke eigedomane til før ein bestemte seg for kjøpar. Vidare ville mindretalet at administrasjonen skulle legge fram ei sak om bruk av området, reguleringsføremål og kva for område som skulle inngå i salet.

Dette er etter vårt syn kjernen i saka. Glitrehaug er eit sentrumsnært og verdifullt område. Det undrar oss at ikkje kommunen og politikarane har klare meiningar om bruken av området før det blir lyst ut for sal.

Under forhandlingane med Bjerke Nettbygg kom det fram at selskapet ikkje er så interessert i skolebygningen. Derimot har Bjerke Nettbygg signalisert at ein kan tenke seg å berre kjøpe nabotomta. Dette er bakgrunnen for at rådmannen meiner det rette vil vere å starte på nytt. Føresetnadene er endra. Eigedomane bør bli lyst ut for sal som to separate salsobjekt, heiter det i tilrådinga til rådmannen.

Forslaget som vil bli lagt fram for formannskapet, vitnar om ein administrasjon som ynskjer å rydde opp. For salet har spora av undervegs. Kven som har skuld i det, er uinteressant. Det viktige no er at det blir ein open og god prosess. Ein prosess som toler dagens lys. Ein prosess som blir styrt av administrasjonen og dei folkevalde. Ikkje av ein meklar, eller anonyme tilbydarar.