Rv7 er billigast og best – aust-vest

Bompengesats over Hardangerbrua er kr 75 pr. personbil med full autopass-avtale.

Det er og same sum uansett om bilen er full av folk. Hentar ein fram ferjetakstar frå 2010 ser ein at DÅ kosta ein personbil kr 80,- pluss kr 29 pr./passasjer. Så kan me ta vogntog på 17 meter, i 2010 kosta det kr 569,- I bompengar på brua kostar det NO kr 300 med full autopassavtale! Utan avtale er det kr 600,- I tillegg er vegen raskast og kortast med færre totale stigningsmetre enn Rv. 52, og dette gjer lågare transportkostnader totalt sett for eit vogntog. Mykje av tungtransporten kunne før ikkje passera jernbaneundergangen på Geilo, derfor gjekk mykje av denne over Haukeli, Hemsedal og Filefjell. Dette vart betra i fjor sommar, og frå 2014 til 2015 gjekk tungtrafikken opp med 25 prosent på Hardangervidda. Rv7 er derfor både billegast og best for store og små!