Yrkessjåfør Jostein Reigstad køyrer tungtransport gjennom Hallingdal på veg mellom aust og vest. Han meiner vedlikehaldet av rv7 vinterstid er for dårleg, og fryktar at det skal føre til alvorlege ulykker.
Yrkessjåfør Jostein Reigstad køyrer tungtransport gjennom Hallingdal på veg mellom aust og vest. Han meiner vedlikehaldet av rv7 vinterstid er for dårleg, og fryktar at det skal føre til alvorlege ulykker.

Ropar varsku for køyreforholda

Yrkessjåførane er oppgitte over vintervedlikehaldet til Statens vegvesen.

Torsdag skreiv Hallingdølen om «fullt kaos på såpeglatt veg». Tankbilen som velta i Meiebakkane i Hol onsdag morgon var berre eit av mange køyretøy som har hatt problem på Rv7 dei seinaste dagane.

Fryktar alvorlege ulykker

Statens vegvesen har bestemt at det skal kuttast ned på saltbruken mellom Gol og Geilo. Mindre, eller ingen salting fører naturlegvis til glattare føre enn salting og berre vegar. Hallingdølen har prata med fleire yrkessjåførar som reagerer kraftig på avgjerda om ikkje å salte. Jostein Reigstad køyrer trailer for Bergen Transport & Spedisjon. Han har lang fartstid som yrkessjåfør, og køyrer ofte gjennom Hallingdal på jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg forstår ikkje at ein i det heile tatt kan tenke på å kutte salting oppover mot Geilo, med den trafikken som er der. Ein kan tru at det blir fint vinterføre utan salt, men det blir det ikkje. Det blir nedkøyrt og heilt polert, seier Reigstad.

Han fortel at han også har prata med fleire andre sjåførar som alle meiner det same.

– Folk pratar om livsfarlege vogntog, og at me må ha på kjetting. Eg er einig i det. Mange, særleg utanlandske, vogntog har elendig utstyr. Men det hjelper ikkje å seie at eit vogntog er den stygge ulven etter ei ulykke der ein personbil har sklidd over i feil køyrefelt, til dømes. Det er tilfella som rår her.

Kjell-Erik Friogner køyrde mellom Gol og Geilo natt til onsdag, og varsla vegvesenet om såpeglatt veg.
Kjell-Erik Friogner køyrde mellom Gol og Geilo natt til onsdag, og varsla vegvesenet om såpeglatt veg.
Ein tankbil køyrde ut, og hamna på sida av rv7 i Mogrenda i Hol onsdag morgon. Sjåføren vart køyrd til legevakt for sjekk.
Ein tankbil køyrde ut, og hamna på sida av rv7 i Mogrenda i Hol onsdag morgon. Sjåføren vart køyrd til legevakt for sjekk.

Heilt bak mål

Han meiner vedlikehaldet av Rv7 og Rv52 er «bak mål», og at det har vorte gradvis dårlegare dei seinaste vintrane.

– Eg køyrde over Hardangervidda onsdag. Der var det strøydd med sand, og fantastisk fint føre. Nede i dalen derimot ..., seier Reigstad og legg til: Dei treng ikkje alltid å strøye med salt. Men då må dei i alle fall hive på sand. Og det må skje tidsnok – før uhella skjer og ikkje etter.

Yrkessjåførane er bekymra ikkje berre for seg sjølv, men for trafikktryggleiken generelt. Og dei fryktar at det skal skje stygge ulykker på glatta.

– Vintervedlikehaldet er for dårleg, og rett og slett farleg for alle trafikantar. Eg unnskylder ingen, ikkje meg sjølv heller. Ein kan alltid bli flinkare til å køyre. Men nokon må hjelpe til med å ta vare på tryggleiken.

Rustskadar vs. menneskeliv

Statens vegvesen brukar friksjonsmålingar for å sjekke om vegane er innanfor standarden, eller om det trengst salt eller strøsand for å betre friksjonen. Det har Reigstad lite til overs for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt dustete. Friksjonsmålingar tek ikkje omsyn til kva dekk eller kor gode folk er til å køyre.

– Motstandarar av salting argumenterer med at saltet øydelegg bilar og naturen?

– Eg kjøper ikkje det argumentet. Men dei får gjerne utbasunere det, viss dei vil sette rustskadar på ein bil opp mot menneskeliv. Eg er ikkje i tvil om at det kjem til å skje alvorlege ulykker, slik vintervedlikehaldet er i Hallingdal no.

Vart ikkje høyrd

Hallingdølen har også prata med trailersjåfør Kjell-Erik Frogner Lassen, som køyrer gjennom Hallingdal fleire gonger i veka. Heller ikkje han er særleg imponert over korleis vegane i Hallingdal blir vedlikehalde vinterstid. Natt til onsdag varsla han Vegtrafikksentralen til vegvesenet om såpeglatt Rv7, og oppmoda mannskapa til å reise ut for å salte eller strø.

– Eg fekk beskjed om at dei hadde mannskap ute og brøytte, men at dei ikkje hadde fått nokon melding om at det var ekstra vanskelege forhold, fortel han.

Slik er det alltid, opplever han. Og onsdag morgon såg me altså resultata av dei glatte vegane.

– For to år sidan var det heilt supert. No er det tragisk, seier Frogner Lassen om vedlikehaldet av vegane i Hallingdal.

Han får støtte frå Reigstad. Begge meiner at vegvesenet bør endre praksis, særleg vest for Gol. Begge meiner også at vegvesenet er lite interesserte i å ta affære når yrkessjåførane seier ifrå, trass i at dei kjenner forholda godt – og har arbeidsplassen sin etter vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan ringe inn til Vegtrafikksentralen og melde frå om glatte vegar. Men det skjer absolutt ingenting, seier Reigstad.