Evjen er godt kjend med banen på Fuglehaugen.
Evjen er godt kjend med banen på Fuglehaugen.

Rally X on Ice inntek Fuglehaugen

Laurdag er det duka for fartsfylt iskøyring på Fuglehaugen motorsenter.

Rallycross: Sondre Evjen som kom på 3.-plass i fyste runde i Sverige har vore med på å gjere banen klar. 18 bilar er påmelde til laurdagens løp.

– Løpsmessig er det nok noko av det største som har vore arrangert på Fuglehaugen. Her snakkar me om rallycross på høgt internasjonalt nivå. Slik sett har nok ingenting vore i nærleiken, seier Sondre Evjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det har vore litt av ein jobb å klargjera banen.

– Me har vatna i tre veker no, køyrt på 800.000 liter kanskje. Så det har vore mykje arbeid, forklarar Evjen.

På heimebane

– Det er litt press, og litt moro. Me må jo prestere. Me har lyst til å få halde eit løp her kvart år. Me får vist kva me er gode for no, forklarer Evjen.

Sondre Evjen er klar for Rally X on Ice på heimebane.
Sondre Evjen er klar for Rally X on Ice på heimebane.

Streamingtenesta Svenska Bilsports Förbundet har TV-rettane, og skal sende arrangementet live på fire ulike språk, forklarar Evjen.

NMK Gol

Norges motorsport klubb Gol er ansvarleg arrangør for løpet i helga, som den svenske motorsportarrangøren STCC står bak. Tidlegare har dei søkt om å få halde løpet på Kikut, men fekk avslag, så det blei Fuglehaugen på Gol.

– Det er eit heilt rått baneanlegg her, med gode fasilitetar, eg trur det blir veldig bra, seier Evjen. – Fuglehaugen har stor høgdeforskjell og svært krevjande svingar. Det er mange som kjem til å få seg ein overrasking. Eg køyrde masse her i fjor, så eg gler meg til å sjå konkurrentane køyre, seier Evjen.

Han ventar at Mitchell De Jong som vann i Söderhamn, Alexander Westlund og Oliver Ericsson blir dei kvassaste førarane laurdag.

– Eg har jo ein stor fordel på heimebane. Men det er mange gode deltakarar. Viss alt går bra, kan det bli ein morosam fight, utdjupar Evjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Supercar Lites

Evjen køyrer i klassen Supercar Lites som rekrutterer folk til toppklassen Supercar. I Supercar Lites køyrer førarane med 300 hestekrefter. I toppklassen, Supercar, blir motorane dobbelt så kraftige.

– Me har trening på Dagali på torsdag og har eigentleg invitert alle som ville vere med. 12 av desse bilane skal køyra på Fuglehaugen, forklarar Evjen.

Ein av dei største rallycrossteama i verda kjem til Dagali for å delta på treninga.

– Olsberg MSE er det største teamet i verda og kjem med fire forskjellige bilar som skal testast i Dagali, forklarer Evjen.