Med fire ungdommar frå Natur og Ungdom blir geitrams-blome hausta inn. Benedicte Pentha Bakken (f.v.), Amelia Gomez Snerte, Synnøve Jacobsen og Aksel Gøytil Bødtker.
Med fire ungdommar frå Natur og Ungdom blir geitrams-blome hausta inn. Benedicte Pentha Bakken (f.v.), Amelia Gomez Snerte, Synnøve Jacobsen og Aksel Gøytil Bødtker.

Rå bærekraft

Heilt reint. Heilt rått. Heilt naturleg. Heilt gratis.

DET ER AUGUST, og me er i Hemsedal: – Bruk hagebær, ville bær, urter og blomar. No er det mykje villbringebær, geitrams og syre. Og krekling. Poenget er at me skal lage saft som smakar godt, er heilt naturleg og basert på råvarer me finn i Hemsedal, seier kjøkkensjef og for høvet, saftesjef, Jørgen Kolderup.

Utvalet av råvarer endrar seg utover seinsommar og haust. Så ein må ta det ein finn.

Artikkelen held fram under annonsen.

HELGA FAARLUND har plukka råvarer til saft gjennom 50 år.

– Me har veldig mykje villbringebær, krekling, blåbær og molter, fortel ho. Ei gruppe menneske er samla til saftekurs på garden Snertehaugen.

- Ville bringebær har så fin farge, seier Faarlund.

Benedicte Pentha Bakken plukkar geitrams til saftlaging på Snertehaugen.
Benedicte Pentha Bakken plukkar geitrams til saftlaging på Snertehaugen.
Lag heimelaga råsaft av sommarens og haustens råvarer rett frå naturen.
Lag heimelaga råsaft av sommarens og haustens råvarer rett frå naturen.
Kjøkkensjefen på Harahorn brukar mykje  tid i skog og mark for å sanke råvarer.
Kjøkkensjefen på Harahorn brukar mykje tid i skog og mark for å sanke råvarer.
Aksel Gøytil Bødtker og Benedicte Pentha Bakken kan skåle i heimelaga saft.
Aksel Gøytil Bødtker og Benedicte Pentha Bakken kan skåle i heimelaga saft.
Bonde Tori Snerte arrangerte saftedag på Snertehaugen i august.
Bonde Tori Snerte arrangerte saftedag på Snertehaugen i august.
På Snertehaugen finn me også Helga og Nils Faarlund som deler av sin kunnskap om naturen.
På Snertehaugen finn me også Helga og Nils Faarlund som deler av sin kunnskap om naturen.
På Snertehaugen finn me også Helga og Nils Faarlund som deler av sin kunnskap om naturen.
På Snertehaugen finn me også Helga og Nils Faarlund som deler av sin kunnskap om naturen.
Lag heimelaga råsaft av sommarens og haustens råvarer rett frå naturen.
Lag heimelaga råsaft av sommarens og haustens råvarer rett frå naturen.

Ektemann Nils fortel at folk brukte geitrams under krigen for å dryge tyttebærsyltetøyet.

MEN I ÅR ER DET mykje krekling. Overalt. Kreklingen er stinn av antioksidantar. Berre nyper og svartsurbær har meir. I krekling finn ein også store mengder druesukker, fruktsukker og 10 prosent vanleg sukker. Så den er temmeleg sjølv-konserverande i tillegg.

– Kreklingen brukar eg mykje i saus, fortel kjøkkensjefen.

Safta må ha syre. Då er det greitt med sitronar. Men gauksyre, granskot og rabarbra gjer også nytte.

– Ein vil gjerne unngå for mykje varmebehandling. Skal eg nytte safta privat, lagar eg rein råsaft. Skal me servere den til gjester, varmar me opp til 72 grader. Då er me kvitt bakteriane, forklarar han. Med rett mengde syre og sukker, som og har ein konserverande effekt, kan ein lage saft av omtrent alt, iallfall det ein finn i naturen som er etande. Ekspertar har rekna ut at det årleg rotnar bær for sju milliardar kroner i norsk utmark. Synd og skam!

Artikkelen held fram under annonsen.

EKSPERIMENT: Set av tid til matauk på kalenderen. I utmark er det lov å plukke bær overalt. Unngå regnvêr, og hald deg unna bæra som gror i vegkantane.

Hugs: sesongen er kort.

– Ein kan nytte litt honning også, seier Kolderup medan han let det trille fine molter ned i all fargerikdommen.

– Dette blir eit einaste stort eksperiment, smiler han. Men god saft blir det. Med smak av Hemsedal.

..

HEILT RÅTT ER ALLER BEST

Rå saft er sunnast. Då held råvarene betre på dei naturlege ingrediensane. Kreklingen er full av antioksidantar. For å bevare desse, bør ikkje safta koke. Lag råsaft. Det er råenkelt.

Men skal du lagre råsafta på flasker, treng ho sukker. Mykje sukker. Elles held ho seg ikkje. Difor: frys heller safta i små porsjonar. Då er du sikra sunn tørstedrikke året rundt. Og råsaft er lett å lage, om du først har plukka det du treng.

2 kilo bær

1-1,5 liter vatn

Artikkelen held fram under annonsen.

1–2 sitronar, eventuelt også granskot og rabarbara.

Sukker etter smak.

Skyll bæra og mos dei lett med stavmiksar. Tilset kokt og avkjøla vatn. Press safta ut av sitronane, og hell over. Rør godt om og set det heile kaldt i eit døgn eller to.

Så kan ein sile vekk bær- restane med ei sil. La resten av safta renne gjennom eit klede. Reine putevar går veldig bra.

Til frysing treng du ikkje bruke sukker i safta.

Skal du lagre den på flaske, må du ha i om lag 2/3 sukker etter mengde saft. Rør inn sukkeret til det er heilt oppløyst. Ta vekk skum.

Fyll safta på kalde flasker. Bland ut safta med vatn når safta skal drikkast. Prøv gjerne med farris eller bris. Safta held seg om lag ei veke i kjøleskåp.

(Kjelde: frukt.no)

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut og plukk! Det finst massevis av godt i naturen. Bær og andre plantar passar utmerkt til saft.

Geitrams, bringebær og krekling. Tilset litt molter og rabarbra. Og nokre gode nevar med granskot. Kryst over safta frå sitron og du får ei syrleg og frisk saft å servere utover vinteren. Ekspertar meiner at me kan halde oss både yngre og friskare ved å ete massevis av bær. Bær vernar mot mikroorganismar, kjempar mot virus og førebygger både kreft og hjarte- og karsjukdommar. Og jo modnare bær – jo fleir gode verkestoff.

Krekling

Empetrum nigrum, den svartaktige som finst på klipper.

Heilt fram til vinteren kan du plukke krekling i fjellet. Krekling, også kalla krøkkebær, held seg godt under snøen. Dei er sjølvkonserverande. Og dette vesle bæret er stappfullt av antioksidantar, meir enn dei fleste andre bær me et. Kreklingen går også under namnet migebær. Dei er kjend for å vere vassdrivande som det heiter, og ikkje særleg lure å ha i seg seint på kvelden.

På Grønland er krekling nytta som c-vitamintilskot. Krekling er kjend for å motverke skjørbuk. Ein samisk delikatesse er samansett av krekling og reinsdyrmjølk. Indianarar og inuittar lagde smoothie av krekling blanda med spekk eller selolje. På Island var det elles vanleg å lage vin og brennevin av krøkkebær.

Frå vikingtida er det kjent at Kong Sverre tok med seg oppskrifter til Norge på korleis ein kunne lage vin av krøkkebær. Han voks opp på Færøyane, men ville helst at landet skulle vera sjølvforsynt.

Prestane på den tida søkte visstnok Paven om å lage altervin av krøkkebær, då druevin var så dyrt. Men dei fekk avslag.

Bringebær

Robus idaeus, det raude bæret som voks på Ida-fjellet på Kreta i oldtida. I folkemedisinen vart det vanleg å nytte bringebærsaft mot betente mandlar og hoven drøvel. Saft av bringebær vart sett på som ein fullgod hjartemedisin. Bæret kunne og verne mot abort. Blada kan turkast og brukast som te. Den skal visst vera avslappande.

Bringebær er eit av dei mest ettertrakta bæra me har. Ikkje utan grunn. Dei smakar himmelsk.

Molte

Rubus chamaemorus, lågt-veksande raude frukter. Molte er skogens og fjellets gull. Og kanskje den mest ettertrakta av dei alle. Kong Christian IV likte molta så godt at han ville dyrke den i botanisk hage i København. Men dei var for viltre og ville slett ikkje temmast. Då som no.

Molte kunne både forebygge og lækje skjørbuk. Difor vart digre tønner lasta om bord på skutene i gamle dagar. Edvard Munch likte visst veldig godt molte og fersken dynka i absint.

Geitrams 

Chamerion angustifolium, smalblada geiteragg eller geitehår. Når frøkapselen opnar seg på geitramsen, heng frøa som kvite hårdottar. Men det er blada som blir nytta som medisin. Nye skot, blomar, rotstokk og marg i stilken kan nyttast som mat. Me har putta blomane i safta.Geitramsen har vore medisin mot så mangt, som gikt og ryggsmerter, og mot blødingar, sår og kviser. Frø-ulla er fin å tenne opp bål med, og kan også nyttast til å gjera sko og vottar endå litt varmare. Ikkje minst er planta hemmande på gjærsoppen Candida albicans.

Kjelder: Wikipedia, «Bærboka» til Vigmostad & Bjørke, www.rolv.no