Det skal ikkje vera mogeleg å overleve ei slik ulukke, meiner fleire fagfolk Magne K. Medhus har snakka med. Kona hans, Greta Kvarv, vart pressa både ned og bak i stolen då tralla dundra inn i personbilen, likevel vart trykket mot hovudet så stort at hovudet hennar sprakk, fortel Medhus.

Overlevde, mot alle odds

– Var det slik du skulle døy frå meg, tenkte ektemannen då han såg si medvitslause kone kjempe for livet i bilvraket.

Det er fredag 21. september 2012 og lege Magne K. Medhus frå Ringerike set seg bak rattet på bilen utanfor sjukehuset i Førde. Med seg har han kona, Greta Kvarv, og hennar syskenborn. Mannen har akkurat avslutta ei maratonveke på jobb som psykiatri-lege ved sjukehuset i Sogn og Fjordane og skal køyre heim til det nybygde huset deira på Røyse, i Hole kommune.

Han ser fram til å kome heim, for han har så mykje arbeid han skal gjera ute i hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

FYRSTE STOPP tek dei i Lærdal. Deretter held dei tre fram køyreturen over Hemsedalsfjellet.

I Hemsedal stoppa dei att. Medhus kjenner seg sliten og set seg i baksetet på høgre sida for å prøve å sove litt. Kona set seg bak rattet og held fram køyreturen. Det er dagslys med turre og fine vegar. Ved Robru er det arbeid på brua og Rv52 er lysregulert. Kvarv må stoppe for raudt lys og hamnar i ein lengre kø. Deretter held ho køen nedover mot Spildra.

Men knapt 200 meter frå avkøyrsla til Gol kyrkje skjer det utenkelege. Ein polsk semitrailer som er på veg oppover bakkane mister heile tralla i ein slak høgresving. Medan trekkvogna er på veg rundt svingen, går tralla rett fram. Syskenbarnet, som sit framme i passasjersetet, ser den løpske tralla koma i mot dei; – Dette går gale, skrik ho. Så dundrar tralla inn i bilen dei tre sit. Deretter blir alt stille. Det venstre hjørnet på den løpske tralla deler på det næraste bilen på langs.

Greta Kvarv (68) og Magne K Medhus (75) har hatt to tøffe år bak seg. Ikkje nok med at dei må slite med skader og plager etter ulukka, må dei også kjempe ein kamp mot forsikringsselskapet. – Eg har aldri før kjent meg så lite verdt, seier Kvarv.

21. september 2012 mista ein polsk semitraileren tralla si på Rv52 ved Spildra mot Robru på Gol. Greta Kvarv vart alvorleg skadd i ulukka. Her er politibetjent Guro Wright på ulukkesstaden. (Arkiv
21. september 2012 mista ein polsk semitraileren tralla si på Rv52 ved Spildra mot Robru på Gol. Greta Kvarv vart alvorleg skadd i ulukka. Her er politibetjent Guro Wright på ulukkesstaden. (Arkiv
Det er grunn til å tru at svingskiva på trekkvogna ikkje var tilstrekkeleg smurt då tralla datt av. Det kan ha vore årsaka til at tralla losna og trefte bilen til Medhus og Kvarv. (Arkiv
Det er grunn til å tru at svingskiva på trekkvogna ikkje var tilstrekkeleg smurt då tralla datt av. Det kan ha vore årsaka til at tralla losna og trefte bilen til Medhus og Kvarv. (Arkiv
Den løpske tralla trefte Mercedesen med hjørna og delte personbilen mest i to. Augevitne til ulukka meinte det var utruleg at ikkje heile bilen vart most inn i fjellveggen.
Den løpske tralla trefte Mercedesen med hjørna og delte personbilen mest i to. Augevitne til ulukka meinte det var utruleg at ikkje heile bilen vart most inn i fjellveggen.
Det var ikkje mykje att av Mercedesen til Magne K Medhus og Greta Kvarv etter at tralla trefte bilen dei tre sat i.
Det var ikkje mykje att av Mercedesen til Magne K Medhus og Greta Kvarv etter at tralla trefte bilen dei tre sat i.
Trass i fjellveggen på den eine sida og busker på den andre, valde luftambulansen likevel å lande i vegbanen.
Trass i fjellveggen på den eine sida og busker på den andre, valde luftambulansen likevel å lande i vegbanen.
Bilen til ekteparet vart teken med til Gol etter smellen.
Bilen til ekteparet vart teken med til Gol etter smellen.

ETTER Å HA summa seg litt greier Medhus å ta seg ut bakdøra. Så spring han rundt bilen og bort til døra der kona sit. Seteryggen har knekt og ho ligg delvis bakover i stolen. Å prøve og opne døra er utenkjeleg. Den er fullstendig knust og pressa inn i kupeen. Alle vindaugsrutene frå fronten og bakover på venstre sida er pulveriserte. Han kan ikkje gjere anna enn å sjå og høyre kona kjempar for livet.

– Det kom berre nokre snorke- og surklelydar frå henne. Var det slik du skulle døy frå meg, var det fyrste eg tenkte då eg stod der hjelpelaus, fortel han.

Sjølv om Medhus er lege, er det ingenting han kan gjera for kona si, anna enn å berre vera der. Han er overtydd om at ho har brote nakken og at ho er i ferd med å døy. – Kva tankar går gjennom hovudet ditt når du står der og ikkje kan gjere noko som helst?

– Plutseleg var eg ikkje lege lenger. Rolla mi som lege vart bytta ut til å vera tilskodar. Eg var kjende meg som i eit vakuum og heilt handlingslamma, fortel han.

VARSLINGA TIL naudetatane tok bilane som kom bak seg av. Knappe ti minutt etter smellen var ambulansen på plass, deretter luftambulansen. Men dei kunne ikkje gjera anna enn å gje intravenøs væske gjennom det knuste vindauget. Å starte det livreddande arbeidet måtte vente. Fyrst måtte brannmannskapa på plass og frigjera henne bilvraket. Det gjekk kring ein halv time før dei var på plass, fortel Medhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så snart ho var frigjeven, vart ho flogen til Oslo universitetssjukehus, Ullevål, og operert for skadane. Det vart slått fast at Kvarv hadde brot på hjerneskallen, blodpropp i hovudet, delvis punkterte lunger, fleire opne brot i venstrearmen og fleire andre stygge brotskader i overkroppen.

Att på ulukkesstaden stod syskenbarnet hennar og ektemannen. Dei vart tekne hand om av ein lokal lege som undersøkte dei på Gol. Utruleg nok hadde ingen av dei skader etter den stygge ulukka.

Men ein ting er Medhus heilt sikker på. Hadde det vore han sjølv som sat bak rattet, ville det vorte ei dødsulukke.

– Eg er både høgare og breiare enn Greta. Mest truleg ville tralla treft meg i hovudet, seier han.

For Kvarv enda det med 14 dagar på sjukehuset. Fyrst ti dagar på Ullevål, så ei knapp veke på Ringerike. Ho hugsa ikkje noko frå ulukka eller dei to vekene på sjukehuset.

GRETA ER BITTER når ho tenkjer attende på ulukka i Gol for litt over to år sidan.

– Eg er veldig bitter og eg har aldri kjent meg så lite verdt.

Forsikringsselskapet held godt på pengane og dei må slåst for å få erstatning for skadene ho er påført.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resten av livet må ho leve med smerter og fleire andre plager. Ho må gå på blodfortynnande for å hindra framtidige blodproppar i hjernen. Også bevegelsen i venstrearmen er dårleg. Høyrselen på det venstre øyra er sterkt svekt, og ho er mykje svimmel. Difor greier ho verken sykle, gå på ski eller gå lange turar, slik ho likte så godt å gjera før ulukka.

Ho er også bitter på dei utanlandske trailersjåførane som køyrer rundt i Norge.

– Det er respektlaust å kome til Norge med så dårleg utstyr og skape ulukker. At ein semitrailer mister tralla skal ikkje vera mogeleg. Men eg trur det er mange utanlandske trailerar som aldri burde vore på norske vegar. Mange av dei køyrer rundt med dårleg materiell. Dei er rett og slett livsfarlege, seier ho.

FREDAG FOR ei knapp veke sidan var Medhus på veg heim frå jobb. Han sat på bussen då han fekk heile hendinga frå Gol spela i reprise.

– Me køyrde over Sollihøgda og eg sat å kikka ut vindauge på bussen då eg såg ein semitrailer som mista tralla si att. Denne gongen vart ingen skadde, men eg må innrømme at eg kjende på litt ubehag då, fortel han.

– Har de høyrt noko frå sjåføren på den polske semitraileren?

– Ikkje frå han og ikkje frå nokon andre. Me har kjent oss veldig åleine om denne ulukka, fortel Kvarv.

– Sjåføren kom ikkje ein gong ut frå trekkvogna etter ulukka i Gol. Han vart sitjande der heile tida. Han var nok redd for å bli jaga frå staden, om han kom ut, seier Medhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er respektlaust å kome til Norge med så dårleg utstyr og skape ulukker.

Greta Kvarv, trafikkoffer