Adobo.
Adobo.

Oppskrifter

Her er eit utval oppskrifter frå frå filipinsk kjøkken.

Adobo

Ribbe i terningar

1 heil kvitlauk, knust

Artikkelen held fram under annonsen.

Eddik

Soyasaus

2 ss brunt sukker

Vårrull.
Vårrull.
Pansit pinoy.
Pansit pinoy.
Dessert.
Dessert.

3 stk. laurbærblad

1 ts. peparkorn, knust

½ sitron

Framgangsmåte:

1. Vask og kutt kjøttet. Klem sitron og gni den på kjøttet. Ta deretter på soyasaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Legg alle ingrediensane unntatt brunt sukker og eddik i ein kjele. Set varmen til middels låg og la det småkoke i 1 1/2 til 2 timar eller til svinekjøtet er mørt.

3. Fjern alt avskum som stig, tilset meir vatn om nødvendig. Set omnen på 200 grader. Fortsett å småkoke til du har ei mengd væske som svarar til eit glas. Ta væska til side.

4. Ta kjøttet frå kjelen og legg det på ei steikeplate. Steik til det er gyllenbrunt. Set tilbake kjøttet til den attverande væske. Tilsett sukker og eddik i samsvar til din smak og småkok til væska blir litt klissete. Server med ris.

Fruktsalat

(fleire av ingrediensane til denne retten må du i ein asiatisk matbutikk for få tak i)

1 boks fruktcocktail

2 koppar strimla fersk kokos

1 kopp fersk mango i terningar

1 kopp raud sweet kaong

Artikkelen held fram under annonsen.

1 kopp sweet nata de coco

1 boks ananasbitar

1 jackfrukt

1 boks med kondensert mjølk

1 boks Nestlé tjukk krem

Framgangsmåte:

1. Opne alle flasker og boksar med hermetisert frukt. Ver sikker på at alle er godt avrente for å unngå vassen salat.

2. Legg alt til side.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Skrell og kutt fersk frukt.

4. Bland alle ingrediensane.

7. Avkjøl og server.

Denne retten kan også tilpassast til dei fruktene du får tak i når du går i butikken og som du likar best.

Pansit pinoy

Pancit og vermicelli nudlar

Kinakål eller kål, gulrøter og paprika skoren i strimlar

Vårlauk

¼ kg svinekjøtt kokt forsiktig og skoren i små bitar

Artikkelen held fram under annonsen.

4–6 koppar svinekraft (enten frå fond eller som du har laga sjølv)

2 ss soyasaus

Kvitlauk

Salt og pepar

1 svinekjøttbuljong

Hakka koriander og aspargesbønner i bitar

1 hakka lauk

Hakka ingefær (valfritt)

Artikkelen held fram under annonsen.

Olje

Framgangsmåte:

1. Surr kvitlauk og lauk til det blir lys brunt. Tilset kokt svinekjøtt og rør til det blir til lys brun.

2. Tilset svinebuljong og fond, og la det koke. Tilset soyasaus, eventuelt salt og pepar om nødvendig i samsvar til din smak.

3. Tilset pancit og vermicelli og kok i to minutt. Legg i alle grønsakene og rør kontinuerleg over svak varme til nudlar syg opp all buljongen etter tre minutt eller til nudlar og grønsaker er kokt.

Ikkje overkok verken nudlar eller grønsaker, og servert retten varm.

Vårrullar

1 pk med små vårrullark, 50 stykk. (desse får du tak i om du besøkjer frysedisken i ein asiatisk matbutikk)

3 pakker kjøttdeig, anten av kylling eller svin

3 paprika – grøn, gul og raud

2 store gulrøter

2 raudlauk

Soyasaus

Oyster saus (denne får du kjøpt i asiatisk butikk og på ein del matbutikkar med godt utval)

Mama Sita`s lumpiang Shanghai miks (finst i asiatiske butikkar, om du ikkje får tak i det, kan du droppe det)

1 ts. olje

Eggekvite frå eitt egg

Framgangsmåte:

1. Ta opp vårrullarka frå frysaren 15 minutt før du startar.

2. Finhakk grønsakene. Det går an å bruke ei kjøkenmaskin til å gjere kuttejobben. Pass på at alt ikkje blir ei «mos».

3. Steik kjøtdeigen til den er nesten heilt tørr.

4. Bland inn krydder og sausane. Tilset grønsakene etterpå. Smak til med saus og krydder.

5. Hell alt saman i ei sil/dørslag slik at all safta renn ut.

6. Vent til den er avkjølt før du begynner å pakke fyllet inn i lefsene.

7. Ta ei spiseskei med kjøttdeigblanding på kvar lefse. Når du skal rulle vårrullane gjer du følgjande: arket er rektangulært. Vend den eine spissen mot deg. Brett dei to horisontale endene inn slik at dei møter kvarandre på midten. Dette er litt som når du brettar ein spå i barndommen. Brett enden som vender mot deg over dei to innbretta endane, og rull så saman til ei pølse.

8. Pensle enden på rullen med eggekvite for å «låse» den.

9. Varm opp ein kjele med olje og fritér vårrullane gyllenbrune. Om du ikkje vil fritere, kan du legge vårrullane på eit steikebrett og pensle dei med smør. Set dei inn i omnen. Konsistensen blir litt annleis, men smaken inni er den same.

10. Vårrullane kan frysast usteikte. Då kan du ta det opp som lettvint middag og steike dei rett frå frysaren.