Opp med farten

Alle partia på Stortinget har sagt ja til å satse på Ringeriksbanen. Men blir det anleggsstart i 2018?

Statsbudsjettet gav ikkje noko svar. Dei 25 millionane som er foreslått til planlegging på 2015-budsjettet, er latterleg lite når Jernbaneverket i fjor gjorde det klart dei neste fem åra er det behov for planleggingsmidlar på omkring ein milliard.

Men dei 25 millionane til planlegging har så langt ikkje skapt uro. Forkjemparane for Ringeriksbanen slår seg til ro med at midlane berre stadfestar at arbeidet er i gang, og at denne banestrekninga blir prioritert på linje med andre intercitystrekningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men statsbudsjettet har likevel ført til bekymring. Ordførarane i Ringeriksregionen meiner at regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer opp Stortingets ambisjonar om anleggsstart i 2018, og at det blir skapt ein uvisse om planprosessen. Det same peikar Forum Nye Bergensbanen på. Dei er uroa over manglande avklaringar om planprosess, framdrift og organisering.

– Her hadde me forventa langt meir, uttaler Forum Nye Bergensbanen.

Statssekretær og tidlegare leiar i Forum Nye Bergensbanen, John-Ragnar Aarset, sa i eit intervju med Hallingdølen laurdag at han forstår at det vorte stilt spørsmål med dette. For statsbudsjettet gir ikkje noko klart svar på planprosessen vidare. Ifølgje Aarset er årsaka at det blir vurdert alternative måtar å få ei raskare framdrift på, etter at utgreiinga frå Jernbaneverket og Statens vegvesen om planlegginga av jernbanen og E16 konkluderte med byggestart for Ringeriksbanen tidlegast i 2021.

Det er langt frå ambisjonane. Derfor trengst det ei avklaring. Aarset har varsla at den kjem i løpet av kort tid. Ringeriksbanen toler ikkje meir uvisse, det har det vore nok av sidan banen vart ofra i ein hestehandel for over 20 år sidan. Tida er knapp dersom ein skal klare å kome i gang med bygginga i 2018 slik målet er.

For det er ikkje plankekøyring. Planprosessen blir krevjande. Konfliktnivået er høgt. Det blir mykje støy når det skal byggjast jernbane gjennom Hole på Ringerike der innbyggjarane fryktar at banen vil øydeleggje både landbruksareal og viktige kulturminne.

Me trur på statssekretær Aarset når han forsikrar at Ringeriksbanen med dette statsbudsjettet ikkje er sett i krabbegir. Noko anna ville ha vore ein skandale. Derfor ventar me både på ein raskare framdriftsplan og meir pengar.