Det er behov for utebetringar både av legekontor og ambulanse-avdelinga i Hemsedal.
Det er behov for utebetringar både av legekontor og ambulanse-avdelinga i Hemsedal.

Opnar for helseutbygging

Framdriftsplanen for skule- og helseutbygging i Hemsedal ser førebels slik ut:

Styringsgruppa vil prioritere å avklare plass- og arealbehov for helsesektoren først. Det betyr at behovet for utbetringar av legekontor og ambulanseteneste kjem først. Det er venta at kommunestyret vil få dette opp som sak i møte 9. februar. I økonomiplanen vedteken før jul kan ein lese at ombygginga gjeld samtlege legekontor, pluss garderobe for ambulansetenesta. Sistnemnde betyr i praksis eit nybygg. Ambisjonen er at det kan bli gjort utbetringar i løpet av 2017.

Når det gjeld avklaringar kring sentralskule og skuletomt, vil det truleg ikkje bli tema før i kommunestyremøtet 23. mars.