Om å skjera til beinet

Ein del politikarar i Ål seier dei må innføre eigedomsskatt fordi dei har skore til beinet. Ja, tru det. Nesten 80 % av budsjettet går til løn og sosiale utgifter, og eg har ikkje fått med meg nokon reduksjon her, tvert imot. Lønsutgiftene har auka år for år. Ål kommune hadde i 2014 610 tilsette. Det utgjorde 467 årsverk, og kosta den nette sum av 332 millionar kroner. Ingen må fortelja meg at det ikkje er noko å hente her. Problemet er at det er vanskeleg, ubehageleg og kommunen manglar kunnskap om effektivisering og nedbemanning. Men det finst konsulentbyrå som driv med slikt. Eg syns det vore naturleg å få ein seriøs gjennomgang av heile organisasjonen før ein kan seia at det er skore til beinet. Så vidt eg veit har det aldri vore gjort før.

Dersom Ål kommune innfører to prosent eigedomsskatt vil det utgjera om lag 10 millionar kroner. Det er ikkje meir enn den årlege auken i kommune sine lønsutgifter. Så neste år er me like langt.