Nytt reiselivsselskap for Hallingdal

Eg har følgt med i Hallingdølen når tanken om eit felles reiselivsselskap for Hallingdal er blitt omtala, noko som eg meiner vil vere eit bra tiltak. Men etter å ha lese artikkelen i laurdagsutgåva (28.04.) «Antyder krav om Geilo-lokalisering», så må eg si at eg er i ferd med å miste interessa. Når ordførar i Hol Tony Kjøl (H) og Erik Kaupang (Ap) står fram og utpeiker Geilo som det naturlege hovedsete og leiande i den vidare utvikling av dette konseptet – og antyder Hemsedal som utfordrar til denne posisjonen, så blir eg rett og slett skamfull på eigen kommune sine vegner.

Dette er etter mitt syn med på å undergrave heile grunntanken bak ideen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva med dei andre kommunane i dalen? Er ikkje dei verdige til å bli tatt med i betraktning? Denne polariseringa og favoriseringa av seg sjølve som her kjem til uttrykk, borger etter mitt syn ikkje for noko godt samarbeid.

Eg vil heller lansere ein ide om at denne «lokaliseringa» går på omgang, slik at kvar kommune i dalen kan få si periode der dei gir «sete» til dette selskapet. Dette vil gi eit breiast mogleg engasjement og områdedekning. Ingen kommune treng dermed å føle seg ekskludert eller forbigått, eller falle for fristelsen til å «mele si eigen kake».

Fordelinga av «vervet» kan skje ved loddtrekning, og ei «reiselivsperiode» kan vare i 2–3 år for kvar kommune. Denne ambulerande organiseringa vil føre til at det enkelte medlem vil få nærare tilgang og kjennskap til den enkelte kommunes særskilde attraksjonar og reiselivskompetanse, og gi grunnlag for større forståing og oppleving av felles identitet. Dette vil også kunne gi grobotn for nytenking, bevegelse og energi i selskapet, som dermed ikkje gror fast på ein plass.