Parkeringshuset er bygd inn i terrenget. Innandørs er det 32 plassar. I regulerings-
planen er byggetrinn to godkjend.
Parkeringshuset er bygd inn i terrenget. Innandørs er det 32 plassar. I regulerings- planen er byggetrinn to godkjend.

Nytt parkeringshus: – Eit grønt miljøtiltak

Eit nytt parkeringshus skal gjere Havsdalen og Budalsområdet ved Geilo meir bilfritt.

Parkeringshuset har 32 plassar og går i eitt med terrenget.

Laurdag vart det nye parkeringshuset opna av ordførar Petter Rukke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppvarma

Bernt Hélen i Havsdalen Park Utvikling er idéskapar og arkitekten som har teikna anlegget.

Anlegget har innkøyring frå Havsdalsvegen og skal vere med på å redusere biltrafikken i det populære hytteområdet. Parkeringshuset er universelt forma ut med heis, toalett og bod til kvar bil. Her er det også opplegg for lading av elbilar.

– Det sikrar god parkering og det er betre for miljøet. Her står bilane i oppvarma garasje i staden for at dei går på tomgang i 15–20 minutt utanfor hyttene om sundagane når dei skal heim. Miljømessig er dette mykje betre. Det er eit grønt miljøtiltak og eit godt eksempel for andre, seier Hélen.

Nytt byggetrinn

Frå og til parkeringsplassane kan hytteeigarane leige transport.

Johnny Hermansen snøscooter og hytteservice har base i anlegget og kan køyre hyttefolket ut til hyttene. Men parkeringshuset ligg også rett ved skiløypa slik at det er mogleg å gå til og frå på ski. Ein parkeringsplass kostar i underkant av 500.000 kroner. No er alle 32 plassane i første byggetrinn selt og byggetrinn to under planlegging. Hélen er glad for den store oppslutninga, og meiner det har vore ein kraftig haldningsendring hjå folk siste tiåret. Fleire og fleire tek større omsyn til miljøet. At parkeringshuset vart fullteikna på kort tid, viser at fleire vil vere med å gjere området bilfritt, meiner han.

– Eg var tidleg ute og prøvde meg med same idé i 2010. Men då svikta det totalt, seier Hélen.