Same dag som nysnøen fall over Hallingdal oppsto det eit par trafikale problem på vegane våre. (Illustrasjonsfoto)
Same dag som nysnøen fall over Hallingdal oppsto det eit par trafikale problem på vegane våre. (Illustrasjonsfoto)

Nysnø skapte vegproblem

Fredag ettermiddag fekk vogntog vanskar på fleire vintervegar.

I 2030-tida fredag fekk politiet melding om eit vogn som hadde sklidd delvis av vegen på fv40 ved Dagali. Det skapte problem for trafikken i området. Etter at ein bergingsbil vart sendt melder politiet ikkje om problem.

Like før kl 1800 kom det inn melding frå Rv7 ved Geilo om at eit vogntog hadde køyrd seg fast under jernbaneundergangen. Også det skapte trafikale problem, både for veg og bane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vogntoget hadde skrapa oppi overgangen. Men kort tid etter klokka 18 var både veg og bane klarert for normal trafikk, melder politiet.