Andreas Smith-Ericjsen (H) t.v. og Pål Rørby (Sp).
Andreas Smith-Ericjsen (H) t.v. og Pål Rørby (Sp).

Nett-TV: Sjå Hemsedal-debatten her

Blir tidlegare Skistar-sjef Andreas Smith-Erichsen (H) den nye ordføraren i Hemsedal? Eller blir det Hidden-grûnder Pål Rørby (Sp)?

I dag er det politikarane i Hemsedal som møtest til duell i Hallingdølen sitt valstudio. Mykje er ope framfor valet i Hemsedal, men ein ting er sikkert: Bygda får ny ordførar.

Mange gir seg

For dette er valet der mange veteranar gir seg i Hemsedal-politikken. Mangeårig ordførar Oddvar Grøthe (Sp) stiller ikkje til attval. Og fleire erfarne politikarar takkar for seg: Odd Holde (H), Olav Støyten (KrF) og Tove Eggen Lien (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det står nye til å overta. I valstudio stiller fire ordførarkandidatar: Andreas Smith-Erichsen (H), Pål Rørby (Sp), Helene Sagabråten (Ap) og Petter Owesen (Bygdelista).

Åtte lister

Medan mange parti har slite med å stille liste til årets val, er situasjonen heilt anleis i Hemsedal. Her er heile åtte lister ved årets kommuneval.

Dette er fjerde av i alt åtte valdebattar på hallingdolen.no.  

Sjå debatten her: