Nes: Vil ha leilegheiter for eldre i sentrum

– Me må legge til rette for aldersvennlege Nesbyen. Leilegheiter i sentrum vil gjere alderdommen for folk lettare, sa Bård Heio (H) i kommunestyret torsdag.

Der vart stortingsmeldinga «leve hele livet - en kvalitetsreform», behandla og teken til orientering.

– Det er for passivt å berre ta saka til orientering, sa Geir Olav Garthus (Sp).

Han foreslo at saka blir ført opp med aktuelle planar og brukarmedverknad. Det vart vedteke.