Kåre Berg har brukt fleire hundere tusen kroner på å ruste opp fleire overnattingsrom og restaurant i haust.
Kåre Berg har brukt fleire hundere tusen kroner på å ruste opp fleire overnattingsrom og restaurant i haust.

Mot alle vindar

Hotell- og overnattingsverksemdene i Norge slit i motvind, men Kåre Berg utnyttar motvinden for alt den er verd.

Om det er motvind eller medvind spelar for så vidt ingen rolle. For innehavaren av Bergsjøstølen, Kåre Berg, er det viktigaste at det vind.

Årsaka er eit stadig aukande kite-miljø som er i ferd med å slå rot på Bergsjøstølen i Ål. Og skal dei kunne drive med sin aktivitet treng dei ikkje berre vind, men også ein stad å bu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ein auke i talet gjestedøger kan ikkje Berg anna enn å gni seg i hendene. Samstundes såg han ingen annan utveg enn å pusse opp for å gjere det endå trivelegare å vera gjest på 1184 meters høgd.

Ein million

Andre juledag opna han opp ei delvis nyoppussa overnattingsverksemd på Bergsjøstølen.

– Me har renovert ni rom. Også matsalen har me pussa opp. Den har fått restaurantpreg over seg no. Samstundes har me pussa opp eit større møte/kurslokale i kjellaren, fortel han.

Kåre Berg har tru på framtida og drøymer om å kunne ligge rett ut og berre nyte utsikten frå ein av dei nyoppussa romma.
Kåre Berg har tru på framtida og drøymer om å kunne ligge rett ut og berre nyte utsikten frå ein av dei nyoppussa romma.

Men han er ikkje ferdig. Til våren skal resten av romma renoverast. Til saman vil han ruste opp for kring ein million kroner

– Kundemassen min er yngre no enn før og det var behov for å pusse opp. Du kan seie at oppussinga blir grunnsteinen for mi vidare drift, seier Berg.

Hotelldød

Det var det fleire som heva augebryna då dei høyrde om oppussingsplanane til Berg.

– Men eg er sikker på at det er liv laga å drive vidare. Elles ville eg ikkje sett i gang oppussinga, fortel han.

Før han bestemte seg for å gå i banken å be om lån gjekk han fleire rundar med seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå både hytteeigarar og gjester som likar det me har gjort. Å pusse opp aukar ikkje kapasiteten, men eg trur at det med slike tiltak vil få besøkspila til å peike oppover framover, seier Berg.