Miljøtankar

Det er kanskje bra at bakinga til jul snart er i boks. Slike bakstestunder gir høve til å gruble over mangt, mangt ein får gjort lite med, åleine. Eg tenkjer på møteverksemda i Paris no om dagen. Klimamøte og tiltak. Korleis verdas leiarar statuerer eksempel med å koma i privatfly. Og til konferansen i eskortar med fleire bilar ... Inne diskuterer dei tiltak for oss andre. Avgifter skal plussast på, millionbeløp skal lovast bort. Ofte til prosjekt ein ikkje ser mykje att av. Er det ei form for avlat, tru?

Her heime kunne kanskje diskusjonane hatt ein annan innfallsvinkel snart. Kunne vi få høyre kor stor utsleppsgevinsten er på å bytte ut bilparken til el, gass eller ved fornying til drivstoffgjerrige framkomstmiddel? Vi høyrer lite om gevinstar. Det største fokuset no er på dieselbilar. Eg høyrer enno klangen av «forståsegpåarar» som bastant fortalde om miljøgevinsten og politikarar som beit på ... og no, har kome til det motsette svar. Og tenk alle som lytta, alle som handla miljøriktig bil den gongen, skal no få betale det politiske mageplasket. Nokon av oss køyrer rundt i desse «miljøbombene» enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk om dei kunne sett fokus på emballering. Lag på lag med papp og ugjennomtrengeleg plastikk. Tenk om dei kunne sett fokus på tilsetningsstoff i utspedd mat eller giftstoffbruken. Kjemiske stoff som ikkje let seg bryte ned og blir problemavfall i hundrevis av år.

Når radioen står på, lurer eg nesten på om vi i Norge er miljøverstingar. Det er jo ei syting og svartmåling frå smalsynte organisasjonspersonar av fleire slag, ein ikkje kjenner seg att i.

Norge bidreg og skal fortsetja med det. Men når kan vi få ei oppmuntrande melding på at noko har vi lykkast med, eller er godt i gang med?

Denne svartmålinga trur eg ikkje tener miljøet, kanskje tvert imot ... og det er dei mange bekkar små som gjer den store forskjellen.