Ungdommen blir meldt til politiet.
Ungdommen blir meldt til politiet.

Meldt for dokumentfalsk

Ein ungdom på 19 år var for ung til å kome inn på ein utestad i Hemsedal laurdag kveld.

Då prøvde han seg på ein klassikar. Som så mange ungdommar gjer i den alderen prøvde han å forfalske legitimasjonen sin ved å forandre fødselsåret på bankkortet sitt frå 1995 til 1990. Det vart oppdaga, og forholdet er meldt. På same utestad tidlegare på kvelden måtte politiet vise bort fleire rusa ungdommar.