Økonomisjef Erling Glesne, til venstre, og rådmann Odd Egil Stavn. (Arkivfoto)
Økonomisjef Erling Glesne, til venstre, og rådmann Odd Egil Stavn. (Arkivfoto)

Meir skatt i Flå

Flå følgjer nøye med på skatteinngangen.

Ved utgangen av august hadde det kome inn 16,2 millionar kroner i skatt til Flå kommune, det er 400.000 kroner meir enn på same tid i fjor. Samla skatteinngang i år er rekna til 26,5 millionar.

– Skatteinngangen i november vil vere avgjerande for korleis me kjem ut i år, sa rådmann Odd Egil Stavn i kommunestyret torsdag.