Gro Randen er ingen «museumsvaktar» og stivna tradisjonalist. Som kulturforskar og kunsthandverkar meiner ho at nyskaping og endring er nødvendig for levande tradisjonar.
Gro Randen er ingen «museumsvaktar» og stivna tradisjonalist. Som kulturforskar og kunsthandverkar meiner ho at nyskaping og endring er nødvendig for levande tradisjonar.

Med kunsthandverk og museum som livets raude tråd

«Det raraste på museet var blåklokkene og grisehuset og ho som synte rundt heitte Gro Randen».

{{imageLeft}}

Dette fortalde ein tredjeklassing i ein skulestil. Han hadde vore på museumsbesøk på Ål bygdamuseum og helst på omvisar Gro Randen (67). Ho er ein karakter i lokalsamfunnet, men Gro er ingen bygdeoriginal i allvêrsjakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

UPÅVERKA AV TRENDAR i tida, har Gro definert sin eigen stil. Karakteristisk stram midtskil med driftige musefletter. Kleda er heimegjort og laga av naturmaterialar, ull, lin, silke og bomull. Bak dei runde brillene kan det gnistre strengt. Men blikket, ja, heile fjeset, kan også opne seg i eit veldig smil.

HANDVERK OG TRADISJONAR har vore den raude tråden gjennom yrkeslivet. Gro har kombinert jobben som kunsthandverkar med museumsarbeid. Ho likar vekselbruket mellom hender og hovud.

– Museumsarbeid og kunsthandverksarbeid er to ulike ting. Det fyrste er å ta vare på det som har vore, og det som er, skaffe og spreie kunnskapar om det, medan det siste er å heile tida laga noko nytt. Sjølv synest eg kombinasjonen er spennande, og lærerik begge vegar, seier ho.

I 1966 hadde Hallingdølen ein artikkel med tittelen «Sjarmerande omvisar på Ål bygdamuseum». Biletet viser ei 16 år gamal Gro Randen.
I 1966 hadde Hallingdølen ein artikkel med tittelen «Sjarmerande omvisar på Ål bygdamuseum». Biletet viser ei 16 år gamal Gro Randen.
– Når eg har omvising med skuleklassar hender det at eg byr ungane på kandis. Mange av dei har aldri sett slikt godteri før, seier Gro Randen ved Hol bygdemuseum.
– Når eg har omvising med skuleklassar hender det at eg byr ungane på kandis. Mange av dei har aldri sett slikt godteri før, seier Gro Randen ved Hol bygdemuseum.
Gro Randen er ingen «museumsvaktar» og stivna tradisjonalist. Som kulturforskar og kunsthandverkar meiner ho at nyskaping og endring er nødvendig for levande tradisjonar.
Gro Randen er ingen «museumsvaktar» og stivna tradisjonalist. Som kulturforskar og kunsthandverkar meiner ho at nyskaping og endring er nødvendig for levande tradisjonar.
Det gamle bondesamfunnet var ikkje eit «bruk og kast»-samfunn. Gro Randen set fram ei porselensskål som har blitt vølt med lim og beslag.
Det gamle bondesamfunnet var ikkje eit «bruk og kast»-samfunn. Gro Randen set fram ei porselensskål som har blitt vølt med lim og beslag.
Gro Randen starta museumskarrieren som omvisar ved Ål bygdamuseum i 1966. 51 år seinare er ho gjenstandsansvarleg ved Hol bygdemuseum.

Gro Randen starta karrieren ved Ål bygda- museum i 1966. No er ho gjenstandsansvarleg ved Hol bygdemuseum.

Det vart bokstaveleg talt bråk då Gro Randen tok med seg tromma på Landskappleiken for å kompe kjærasten Helge Myrheim.
Det vart bokstaveleg talt bråk då Gro Randen tok med seg tromma på Landskappleiken for å kompe kjærasten Helge Myrheim.
I 1972 broderte Gro Randen eit politisk slagord på overlivsryggen på stakken.
I 1972 broderte Gro Randen eit politisk slagord på overlivsryggen på stakken.
Dette teppet heng på Hallingdal sjukestugu på Ål.
Dette teppet heng på Hallingdal sjukestugu på Ål.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Gro Randen med eitt av mange avisoppslag om EEC-stakken.
Gro Randen med eitt av mange avisoppslag om EEC-stakken.
Innanfor rammene av tradisjonen, skaper Gro Randen nye mønster og arbeider for at halsklutane ikkje stivnar i forma.
Innanfor rammene av tradisjonen, skaper Gro Randen nye mønster og arbeider for at halsklutane ikkje stivnar i forma.
Gjennom arbeidet ved Ål bygdamuseum oppdaga Gro Randen at trommer har ein tradisjon innan norsk folkemusikk. Dette provoserte forståsegpåarane, heilt fram til dei måtte innsjå at ho hadde rett.
Gjennom arbeidet ved Ål bygdamuseum oppdaga Gro Randen at trommer har ein tradisjon innan norsk folkemusikk. Dette provoserte forståsegpåarane, heilt fram til dei måtte innsjå at ho hadde rett.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Gro Randen har laga messehakel og stola i damaskvev som blir brukt i adventstida i Ål kyrkje. I verkstaden har ho tatt vare på prøvekluten.

Innanfor ram- mene av tradi- sjonen, skaper Gro Randen nye mønster og arbeider for at halsklutane ikkje stivnar i forma.
Innanfor ram- mene av tradi- sjonen, skaper Gro Randen nye mønster og arbeider for at halsklutane ikkje stivnar i forma.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Frå verkstaden til kunsthandverkar Gro Randen.
Gro Randen driv vekselbruk som kunsthandverkar og museumsarbeidar. På loftet i huset sitt har ho vevstolar og tekstilverkstad.
Gro Randen driv vekselbruk som kunsthandverkar og museumsarbeidar. På loftet i huset sitt har ho vevstolar og tekstilverkstad.

{{imageLeft}}

I sommar var det 51 år sidan ho fekk sin fyrste museumsjobb. I 1966 hadde Hallingdølen ein artikkel om den 16 år gamle omvisaren. «Sjarmerande omvisar på Ål bygdamuseum» var tittelen. Artikkelen var reine kontaktannonsen. Biletet viser ei smilande ungjente i det som vart kalla «bondepikedrakt». Eit skilt på veggen fortel at «Omvisaren bur i det gamle skulehuset/The guide lives in the old school building». Her er det berre å banke på døra for eit kveldsbesøk, liksom. Men trass sjarmerande omvisar, hadde museet dårlege besøkstal, fortel avisartikkelen frå 1966.

– Det er kanskje eit problem også i dag?

– Eg synest det er viktig å skape interesse, slik at folk kjem. Men museet treng ikkje konkurrere med tivoli og leikeland. I dag er det kanskje for mykje fokus på kor mange som kjem innom dørene. Museumsfolk brukar mykje tid på å stelle i stand arrangement som lokkar folk inn døra. Det er flott viss folk bryr seg om å sjå. Men viss museet berre blir ei kulisse, er eg ikkje sikker på om det har så mykje for seg, seier Gro.

I 17 SOMRAR arbeidde ho på Ål bygdamuseum. Lenge hadde ho ulike engasjement med registreringsarbeid. I vel 30 år har ho arbeidd ved Hol Bygdemuseum. Mellom framskåp, lokhyller, rosemåla kister, tutekanner, gamle dokument og falma fotografi er ho gjenstandsansvarleg i halv stilling. I samlinga er det 7000–8000 gjenstandar. Gro Randen er grundig og nøye, på grensa til pedantisk. Ho er ein fagnerd som likar å grave i samlingar og arkiv. Det ho finn, formidlar ho gjennom utstillingar, artiklar og foredrag. Eller i svar på spørsmål ifrå publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk lurer på mykje forskjellig. Eg likar å få spørsmål. Då kan eg bruke tid på å grave for å finne gode svar, seier ho.

AV OG TIL KJEM det også folk med tilbod om «nye» gamle ting. Ei av oppgåvene for ein gjenstandsansvarleg er å vurdere kva museet skal ta imot for bevaring. Hittil har museet hovudsakleg tatt vare på gjenstandar frå bondesamfunnet på 1800-talet. Men for kvart år som går, blir fortida stadig lenger. Kva har museet interesse av å ta vare på?

– Når folk spør, er det ikkje moro å takke nei. Me har teke imot ein del, iallfall frå 1900-talet. Då prioriterer me det som er laga her eller som er spesielt for bygda. Jernbanen, turismen, kraftutbygginga, organisasjonslivet på 1900-talet, alt dette er samfunnsendringar som kunne vere interessante for museet. Kanskje burde museet ta vare på meir frå vår nære fortid. Men når det kjem til stykket har me verken plass eller arbeidskapasitet. Me lever i eit omskifteleg varesamfunn og me kan ikkje ta vare på alt frå masseproduksjonens tidsalder, seier ho.

GRUNNLAGET FOR YRKESKARRIEREN vart lagt heime i stova, nørdst i Vats. Både mor og bestemødrene dreiv mykje med handarbeid. Gro tok handarbeidet eit steg vidare. Ho har nok akademiske vekttal til at det er dekning for å kalle henne sprenglærd. Men det viktigaste ho har lært, lærte ho ikkje av professorane på universitetet.

– Eg har støtt hatt mykje med gamle folk å gjere. Eg hadde lite foreldre, men mykje besteforeldre. Far min døydde då eg var seks, og mor mi var mest på sjukehus frå eg var fire til elleve. For ein nysgjerrig unge er det lurt med besteforeldre. Gommo og goffa var akkurat slik eg synest besteforeldre skal vera. Dei hadde tid til å svara og forklare, og hadde lyst til å lære bort det dei kunne.

DET VAR EIT SPESIELT miljø på Statens håndverks- og kunstindustriskole, der ho tok diplomeksamen i 1975.

– Mange av dei som gjekk i klassen min var kunstnarbarn. Dei hadde vakse opp med akvarellmåling og hadde vore med foreldra sine på studieturar til Italia. Eg hadde aldri tatt i eit akvarellark, seier Gro. Ho hadde derimot kunnskap om handverkstradisjonar i Hallingdal.

– Og då eg fann ut at det var dette eg skulle jobbe med, vart eg med ein gong mykje meir interessert, seier ho. Diplomoppgåva var ei praktisk oppgåve, men Gro har også interessert seg for teoretiske problemstillingar. Ho tok eit «friår» frå kunstindustriskulen for å studere folkeminnevitskap på Universitetet i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Året med folkeminnevitskap var viktig. Det var der eg fann ut kva eg ville arbeide med då eg kom attende til kunstindustriskulen for å fullføre.

Gro er vevkunstnar som har spesialisert seg på tradisjonstekstilar. Ho har laga tallause halsklutar til hallingbunaden. Gro er kjent for nyskaping, samstundes som ho kjenner tradisjonane og handverket betre enn dei fleste. Tekstilkunstnaren har vove teppe som smykkar ut kantina på Hallingdal sjukestugu og idrettshallen i Ål. Ho har også laga fiolett messehakel og stola til Ål kyrkje. Dette blir brukt under gudstenestene i adventstida.

PÅ 70-TALET REISTE kunsthandverkarane på studietur til Guatemala. Seinare oppdaga dei Afrika og Asia.

– Når du gjekk på ei utstilling, kunne du sjå kor dei hadde vore. Dessverre brydde dei seg ikkje mykje om dei tradisjonane me hadde her heime. Det hadde dei ikkje mykje kunnskap om. Det er dette eg har konsentrert meg om.

– Har du ein signatur som kunsthandverkar?

– Eg trur ikkje det er vanskeleg å sjå at det er ein Gro Randen-halsklut. Ein husflidsprodusent brukar mønster og materialar som andre har pønska ut. Ein kunsthandverkar kopierer ikkje. Som kunsthandverkar arbeider ein med produktet frå det er ein ide. Ein teiknar mønster, vel materialar og kvalitet og utfører arbeidet. Slik gjorde mange før òg, i den gamle folkekunsten. Utfordringa i dag er å få folk til å kjøpe kunsthandverk. Det er forholdsvis dyrt, seier ho.

SOM KULTURFORSKAR har ho gått sine eigne vegar. I 1993 leverte ho hovudfagsavhandling: «Tradisjon og hunsthandverk, kan det sameinast». Både emnet og arbeidsmåten skilde seg ut frå norma ved kunstindustriskulen.

– Eg sat aleine i Hallingdal og jobba med oppgåva på eiga hand. Til slutt reiste eg til Oslo for å ta eksamen, seier ho. Ho fekk den høgste karakteren som var råd å oppnå, laudabilis prae ceteris.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som har oppfatta Gro Randen som ein «museumsvaktar» og stivna tradisjonalist, tek feil. Det er to ulike syn på tradisjonar. Det eine er at tradisjon er noko som har vore, og som må «frysast ned» og takast vare på slik det var. Dette synet utfordra Gro. Ho meiner endring stundom er nødvendig for at ein tradisjon skal leva.

{{imageLeft}}

– Viss det var eit mål å kle seg som i 1850, ville draktskikken døydd ut. Det er uråd å kopiere alt. Ofte strandar det på at du ikkje får tak i materialar som dei brukte for hundre år sidan. Men det går kanskje å få tak i noko som minner? Då tenkjer eg at me må vere opne for nyvinningar som høver i samtida og som høver i tradisjonen. Av og til blir ikkje endringa godteken. Då døyr denne variasjonen ut etter kort tid. Somme tider blir variasjonen så populær, at folk trur det har vore slik støtt. Og det har det ikkje, veit du, smiler ho. I hovudfagsoppgåva var det draktskikken i Øvre Hallingdal dei siste 150 åra ho sette under lupa. Men Gro trur ho ville sett ei tilsvarande utvikling om ho hadde studert musikk eller andre kulturuttrykk også.

– Har folk for stor respekt for tradisjonen?

– Det burde vere meir variasjon i draktskikken enn det er i dag. I dag kjøper folk mønsterpakkar. Det fører til standardisering. Du må sjølvsagt rekne med å få kritiske spørsmål viss du lagar ein ny variant. Slik er det med all tradisjon. Og då kan det vere lurt å ha kunnskap nok til å gje eit godt og grunngjeve svar på kvifor du har gjort dei vala du har gjort. Skal me klare å utvikle bygdedrakt-tradisjonen, trengst det kunsthandverkarar. Ønskjer me å stoppe tradisjonen, kan me like godt la husflidsprodusentane og fabrikkane gjere jobben, seier ho.

{{imageLeft}}

GRO RANDEN HAR sjølv opplevd å bli stilt til veggs. I 1972 laga ho ein tradisjonell stakk med «Nei til EEC» brodert på ryggstykket. Ho fekk hundrevis av kommentarar.

– Du veit, EEC-tilhengjarane likte ikkje dette, seier ho. Broderiet var eit kraftfullt eksempel på at ei folkedrakt kan brukast politisk. Det har vorte medieoppslag både i Dag og Tid, Norsk Husflid, VG og på Norge Rundt. Stakken har fått omtale i oppslagsverket Norsk Bunadleksikon. I seinare tid har ho fått fleire spørsmål frå institusjonar som vil låne stakken til nye utstillingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg låner han ikkje bort. Det har vore nok styr med EEC-stakken. I somme høve brukar eg han framleis. Men kanskje ikkje i rolla som museumsarbeidar, smiler ho.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Bråk vart det også då Gro og kjærasten, spelemannen Helge Myrheim, stilte opp på Jørn Hilme-stemnet med tromme og hardingfele.

– Dommarane nekta å dømme oss. «Dette var ikkje tradisjon», meinte dei. Det enda med at saka kom opp på årsmøtet i Landslaget for spelemenn. Der fann dei visst ut at det var tradisjon for trommespel likevel. Men det visste eg, seier Gro med eit lurt smil. – Eg kjende då til dei gamle trommene på Ål bygdamuseum.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}