No er alle bileta i første runde teke. Utover vinteren skal Kristin sortere og redigere materialet.

Med Gol i sikte

Ho har dokumentert heile kommunen og om 15 år skal ho gjere det om att.

Høgt og lågt. På kryss og tvers. Kristin Åsarmoen Rygg tok med kamera på tur for å bli betre kjend med Gol.

Sentrum, alle stølslag og grender har ho tatt bilete av. Sommar og vinter. Ho har vore på alle «Topp 11» og fleire toppar med. Til og med ein tur i fly for å fotografere frå lufta har det vorte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ville rett og slett bli betre kjent i Gol kor eg har budd størsteparten av mitt liv. Det starta med turar der kameraet sjølvsagt var med. Tanken om prosjektet kom undervegs, fortel Kristin.

Dokumenterer endring

Det heile starta i 2013. I oktober i år sette ho sluttstrek. For denne gong. Planen er nemleg å gjere det same att om 10–15 år. Ho vil sjå korleis stadene har utvikla seg.

– Nokre av dei eldste bygga er kanskje borte når eg kjem att, og så har det nok vorte mykje attgroing. På andre stader kan det hende at områda er blitt utbygd. Eg veit det er stader der det er planlagt hyttefelt, forklarar Kristin.

Kristin Åsarmoen Rygg har fotografert rundt omkring i heile Gol kommune. Planen er å gjere det same om 10–15 år for å sjå utviklinga.

Flyfoto over Gol gjer god oversikt over kulturlandskapet. Fotografert i august 2013.

Er det ny butikk her i 2030? Biletet vart tatt i januar 2013 og butikken er no nedlagt.

Kan ein gå her om 15 år? Eller har det vorte ein skogstur? Bilete fotografert i august 2015.

– Vil det framleis vere rundballar på jordet eller er det eit attgrodd landskap eg møter neste gong? Fotografert i august 2013.

– Dette «huset» vert nok ikkje med på bilete når eg kjem tilbake, seier Kristin. Fotografert i august 2013.

– Eg håpar dette bilete er ganske likt om 15 år, men kven veit, kanskje det er ny veg her? Fotografert i februar 2013.

Fantastisk tomt med utsyn over dalen, men vil huset forfalle endå meir?

– Er det stasjon på Gol om 15 år? Er den her den er i dag? Eller er stasjonen eit «spøkelseshus»? Fotografert i juni 2014.

Korleis står det til med raudfargen om 15 år? Fotografert i juli 2013.

Har me postkasser om 15 år? Sender me i det heile brev? Fotografert i august 2013.

Det var ein gong ein kiosk. Fotografert i juli 2013.

Eit fjøs i vinterdrakt. Fotografert i januar 2015.

Etter kvart som Kristin besøkte forskjellige delar av kommunen markera ho med tusj på eit kart. Dei raude områda viser kor ho har vore.

Gol sentrum har også vore ein spennande plass å fotografere. Der har det alt skjedd endringar. Butikkar blir lagde ned, nye bygg blir oppført.

Bomvegar

Det har vore eit systematisk arbeid. Kristin har brukt sjekklister over alle stadene ho skulle innom, alle stølslag og grender. Som motivasjon har ho og laga seg eit kart over kommunen. Så har ho markert dei besøkte områda med tusj etter kvart. Også bileta har ho teke med bevisste val.