Mazda CX-5 sel framleis best. 4x4.
Mazda CX-5 sel framleis best. 4x4.

Mazda CX-5 på 4x4-toppen

Salet av firehjulsdrivne bilar aukar framleis. I første tertial i år var meir enn kvar tredje nye personbil utstyrt med firehjulsdrift.

Ferske tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) viser at salet at 4x4-bilar auka med 5,6 prosent, og enda på 35,2 prosent av samla personbilsal. Dette er svært høgt om vi samanliknar med salet elles i verda.

BMW er no det mest føretrekte 4x4-merket, men framleis tronar Mazda CX-5 på toppen av bestseljarlista før Toyota RAV 4 og Mitsubishi Outlander. Også Suzuki SX4 gjer det svært bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sju av dei ti mest kjøpte 4x4-bilane høyrer heime i SUV-klassen.