Mette Paalgard. (Arkivfoto)
Mette Paalgard. (Arkivfoto)

Lokal glaskunst på Dagali museum

Det er den lokale kunstnaren Mette Paalgard frå Skurdalen som er årets sommarutstillar i Dagali museum.

Laurdag 27. juni er det opning av årets sommarutstilling i Dagali, med kunstnar Mette Paalgard til stades.

Heile sommaren vil moderne glaskunst fargelegge det gamle Kjønaas-stabburet i Dagali museum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha fullført 6 år ved prestisjefylte kunstskular i både Sverige og Danmark, ynskjer Paalgård no å syne fram kunstprodukta sine på heimlege trakter. Tidlegare har ho hatt utstilling på Galleri Gol, i tillegg til at ho har utsmykka kyrkjestugu i Ål. Glaskunsten til skurdalingen er også til sals ved Norway Design sine butikkar.

Det er eit tradisjonelt yrke ho vidarefører og moderniserer ved hjelp av ei rekkje ulike teknikkar. Med 10 års erfaring med glasblåsing, byr Paalgard på ei variert og fargesterk utstilling, når ho no tek med samlinga si til Dagali museum.

Utstillinga vil vere tilgjengeleg frå tysdag til sundag heile sommaren.

Mette Paalgard frå Skurdalen er årets sommarutstillar ved Dagali museum.
Mette Paalgard frå Skurdalen er årets sommarutstillar ved Dagali museum.