Ambulansepersonell tok seg av den skadde personen.
Ambulansepersonell tok seg av den skadde personen.

Lettare skadd i slagsmål

Ein person vart lettare skadd i eit slagsmål ved asylmottaket i Nesbyen måndag kveld.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 22.25 måndag kveld.

Ein person skal ha blitt lettare skadd og blødde. Ifølgje vakthavande ved Nordre Buskerud politidistrikt vart personen teken hand om av ambulansepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ikkje behov for behandling utover det.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykke ut, og det var det ifølgje politivakta heller ikkje behov for.

Det er ikkje opplyst kva som var årsaka til slagsmålet.